Arctic Bioscience-aksjen fekk ein opptur fredag etter at kursen kollapsa førre veke.
Kursen steig meir nær 55 prosent i løpet av dagen, og gjorde at selskapet vart dagens vinner på Oslo børs. Sluttkursen fredag vart 2,86 kroner.
Kursen fall frå 13 til 3 kroner etter at selskapet kom med dårleg nytt. Etter helga fortsette kursen å falle til ny botnnotering på 1,65 kroner måndag denne veka.
Sjølv om kursen no har krabba oppover mot 3 kroner igjen, er det med andre ord er det liten grunn til jubel hos aksjonærane.
Bakgrunnen for fallet er at Arctic Bioscience ikkje fekk resultata dei håpte på i ein studie av eit middel selskapet håpar å få godkjent som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.
Aksjonærane og selskapet kryssar no fingrane for at studien viser meir eintydige resultat når undersøkinga er ferdig i vinter.
Hovudindeksen fekk også en opptur med ei auke på kring ein prosent til 1461,21 poeng. Veka enda difor med ei samla auke på 1,92 prosent for aksjane på Oslo børs.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 2,86 | 54,59 % |
Havila Kystruten | kr 0,75 | 6,57 % |
Hofseth Biocare | kr 1,52 | 4,83 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 26,00 | 4,00 % |
Norva 24 Group* | kr 30,55 | 1,50 % |
Hexagon Purus | kr 7,54 | 0,94 % |
Hav Group | kr 8,66 | 0,93 % |
Salmon Evolution | kr 6,65 | 0,91 % |
Sparebanken Møre | kr 88,20 | 0,34 % |
Hexagon Composites | kr 38,50 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 120,80 | 0,00 % |
Endúr | kr 58,00 | -0,17 % |
Havila Shipping | kr 2,90 | -3,17 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,09 | -3,37 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 25.10.2024 16:46
Sist oppdatert: 25.10.2024 16:46