Arkitektkontor gir opp etter tunge år
Konkurs i morselskap blei kroken på døra etter meir enn 40 år i bransjen.
Leite og Howden Arkitekt- og Ingeniørkontor As i Ålesund er konkurs etter at det er meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.
Selskapet starta som eit uavhengig arkitekt- og ingeniørkontor i 1982, og blei selt til BP Gruppen i 2022.
Til saman åtte tilsette jobba i selskapet som hadde hovudkontor i Ålesund sentrum. Fire av dei tilsette jobba ved avdelinga på Hamar.
Morselskapet gjekk konkurs
Bustyrar Kristine Devold fortel til Nett NO at det er likviditetssituasjonen i selskapet etter fleire tunge år, som er årsaka til konkursen.
Samtidig gjekk som kjent morselskapet konkurs for kort tid sidan – noko som gjer at Ålesund-firmaet ikkje får tilført meir kapital, påpeiker Devold.
Konkursbuet etter BP Gruppen/Boligpartner er forøvrig overteke av Mestergruppen.
Gjekk på smell i 2021
Leite og Howden Arkitekt- og Ingeniørkontor tok på seg oppdrag i heile landet og hadde tilsett både sivilarkitektar, arkitektar og ingeniørar.
Selskapet fekk eit kraftig inntektstap og betydeleg underskott i 2021.
Året etter var omsetninga igjen over ti millionar og rekneskapen gjekk i pluss etter at det var skote inn ny kapital. Rekneskapen for i fjor er ikkje offentleg.
Les også
Fleire har merka bremsen
Arkitektbransjen har saman med store delar av byggenæringa opplevd brems i etterspurnaden etter tenestene deira.
Arkitektar på Nordvestlandet sa likevel til Nett No i fjor at 2023 til då hadde vore eit god, eller stabilt år.
Likevel opplevde fleire også utfordringar, og fekk mellom anna inn færre ordrar på private hus.
Publisert: 16.05.2024 11:10
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27