Arkitektane har ikkje merka dårlegare tider
Arkitektane på Nordvestlandet seier nesten det same: 2023 har vore eit godt, eller stabilt år. Men dei får færre ordrar på private hus.
– For å vere heilt ærleg, har vi ikkje merka stor forskjell på 2022 og 2023, seier Mathilde Herdahl i Plot Arkitekter.
Den einaste skilnaden ho trekkjer fram er at det er mindre interesse for private bustadsprosjekt, som i stor grad har med prisauke og renteheving å gjere.
Sjå resultattabell for arkitektsselskapa på Nordvestlandet under saka
I fjor tilsette dei tre nye arkitektar, og det har vore ingen teikn til at nokon må gå.
– Vi får inn nye oppdrag, og det har helde seg jamnt sidan 2018.
Ei endring ho har lagt merke til er at det er større etterspurnad etter «grøne bygg», som næringsbygget Postvegen 11, som har som mål å bli det grønaste bygget på Nordvestlandet ved å bruke alternative energilagringsmetodar og berekraftige løysingar.
Nedgang på landsbasis
På landsbasis er det imidlertid nedgang.
«Konjunkturindeksen for arkitektbedriftene fortsetter det markante fallet som inntraff i 2. halvår 2022, og befinner seg ett år senere, 2. halvår 2023, på et ytterligere lavere nivå enn ved forrige måling.
Det er ordrereservene som har hatt den mest negative utviklingen de siste 6 månedene. Kun 21 prosent har større, og hele 51 prosent av arkitektbedriftene har lavere ordrereserver enn for 6 måneder siden. Snittutviklingen i ordrereserver er en nedgang på 2,3 prosent for arkitektbedriftene i foregående halvår.
Forventningene til de neste 6 månedene er også negative, hvorav kun 22 prosent forventer en bedring i ordrereservene, og 40 prosent venter en forverring», skriv bransjeorganisasjonen Arkitektbedriftene i konjunkturrapporten sin for 2. halvår 2023.
Nybyggmarknaden i ein bølgedal
Fjoråret til Vestlandshus Arkitekter var prega av god ordreinngang første halvdel, med ein brems siste halvdelen av året.
Deira typiske prosjekt er einebustadar i ulike størrelsar over heile landet.
– Ordreinngangen i år har vore svak som følgje av at nybyggmarknaden er nede i ein bølgedal grunna renteauke og mindre tryggleik. Sjølv om det har vore stille periodar, har vi klart å holde oss i arbeid gjennom heile året, seier konsernsjef Trond Erik Skarshaug.
Omsetninga ligg no over fjorårets resultat, medan driftsresultatet ligg under 2022-resultata.
Dei siste vekene har ordreinngangen auka noko, men Skarshaug trur det vil ta tid før dei ser ei vesentleg auke i aktiviteten igjen.
– For å imøtekome marknaden og vore kundar, har vi blitt nødt til å tilpasse timeprisen til vore kundar.
Arkitektur mest utsett
Omstilling og interne stukturendringar prega fjoråret for Nordplan, som mellom anna tilbyr arkitekturtenester.
Samtidig hadde dei jamnt over god ordreinngang og har det framleis, til trass for ein pressa marknad og meir konkurranse på pris, ifølgje dagleg leiar Bjørn Myklebust.
Arkitekturtenestene deira har derimot vore utsett, på grunn av at bustadbransjen går treigare.
– Vi ser lyst på tida framover. Det har vore vanskeleg lenge, men vi har posisjonert oss og har ambisjonar om å satse sjølv om terrenget er ulendt.
Året har gått betre enn forventa
Arkitektene BBW auka driftsinntektene frå 14,8 millionar i 2021 til 17,37 millionar i fjor.
Dette var eitt av dei beste resultata dei har hatt.
– Vi fekk mange oppdrag i 2022, som ombygging av Havnegata 35-37 i Molde og fylkeshuset, seier dagleg leiar Ketil Bjerkeland.
Det ser ut til å gå nesten like bra i år.
– Som nesten alltid før eitt nytt år er vi usikre på marknadssituasjonen, sidan arbeidet vårt er prega av ein kort horisont. Likevel har dette året blitt betre enn vi trudde på førehand.
Han opplev at dei har god kontakt i eitt lokalt, men breiddt marked.
– I reine priskonkurransar opplev vi at vi må litt ned i pris målt mot sist år, sjølv om prisane generelt går meir opp enn på lang tid. Det vil ganske sikkert påverke resultata vore i negativ retning.
Slik gjekk det med selskapa i 2022:
Publisert: 23.11.2023 05:00
Sist oppdatert: 26.03.2024 12:04