Bjorn Finnoy Jan rune Hurlen
VEKSTSELSKAP: Bjørn Finnøy (t.h) er ein av de tre grunnleggarane av Artec Aqua. I 2018 mottok han prisen som årets kremmar på vegne av selskapet. Til høgre prisutdelar Jan Rune Hurlen frå Sparebank1 SMN.
Nytt

Børsdagen: Pluss på Endúr-aksjane

Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Victor Fiveland og Bjørnar Flem har Endur-aksjar for nesten ein halv milliard kroner.

08.07.2024

Då Artec Aqua i Ålesund vart seld til det børsnoterer industri- og ingeniør-selskapet Endúr i starten av 2021 fekk dei tre grunnleggarane betalt med ein kombinasjon av kontantar og aksjar.

Handelen gjorde dei til største eigar i Endúr, ein aksjepost dei eig gjenom selskapet Artec Holding. Per i dag eig Artec Holding 8.598.313 aksjar i Endúr, som utgjer 23,31 prosent.

Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland eig ein tredjepart kva i Artec Holding, gjennom sine eigne investeringsselskap.

Meir verdt
Kursutviklinga til Endúr var ikkje så mykje å glede seg over i starten, for dei tre.

Den opphavlege verdien på aksjeposten var 421 millionar kroner, men verdien vart nedskriven med 159 millionar kroner.

I fjor var ein del av kursfallet henta inn igjen og Artec Aqua reverserte 69 millionar kroner av den tidlegare investeringa går det fram av 2023-rekneskapen.

I år har det gått enda betre på børsen og verdien av aksjene Artec Holding eig i Endúr er no oppe i knappe 490 millionar kroner.

Endùr-kursen var 28 kroner aksje ved utløpet av 2023. Klokka 11:04 i dag var kursen 56,70 kroner.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med oversikt over dagens kursutvikling for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over for dagen.

Artec Holding as

Tal i mill. kroner

20232022
Driftsresultat-1,3-1,0
Resultat før skatt70,3-14,8
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Purus 8,20 1,49 %
Arctic Bioscience 10,50 0,96 %
Havila Shipping 6,10 0,16 %
Sparebanken Møre 83,00 0,06 %
Romsdal Sparebank 110,50 0,00 %
Norva 24 Group* 29,45 -0,17 %
Endúr 57,20 -0,17 %
Havila Kystruten 0,99 -0,70 %
Hav Group 10,65 -0,93 %
Salmon Evolution 7,18 -1,10 %
Hexagon Composites 28,25 -1,22 %
Golden Energy Offshore Services 30,30 -1,62 %
Hofseth Biocare 2,03 -1,93 %
Atlantic Sapphire 7,00 -6,33 %
* Kurs i SEK

Publisert: 08.07.2024 11:28

Sist oppdatert: 08.07.2024 17:35