Sjå børstabell for Nordvestlandet under
I mai i år varsla Havila Kystruten at selskapet arbeider for å refinansierer pantegjelda og redusere finanskostnadane i selskapet, og hadde hyra inn rådgivarar for å hjelpe til med refinansieringa.
No kallar selskapet inn til ekstraordinær generalforsamling fredag 7. november for å velje eit mellombels styre som er habilt i høve til avgjerda om ei potensiell refinansiering. Målet er å velje eit styre som er tilstrekkleg uavhengig i samband med refinansieringa, ifølgje ei børsmelding i dag.
Sævik-familien sitt holdingselskap, Havila Holding er majoritetseigar i Havila Kystruten og både Vegard Sævik, Njål Sævik, og Hege Rabben Sævik sit i styret i dag, og tillegg er Per Sævik varamedlem.
Opptur i år
Hittil i år har aksjekursen til Havila Kystruten stige med nær 75 prosent. Kursauken kom i starten av året og nådde ein førebels topp på 1,4 kroner aksjen 13. juni.
Dagens sluttkurs, 1,22 kroner aksjen, verdset selskapet til 1,04 milliardar kroner.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Havila Kystruten driv fire kombinerte passasjer- og godsskip som trafikkerer ruta Bergen-Kirkens i samsegling med konkurrenten Hurtigruten. Selskapet vart børsnotert i 2021 og aksjen var i januar det året handla til over ein kurs på over 25 kroner aksjen.
Forseinka skip frå verfta og behov for refinansiering av den opphavleg russiske finansiering medverka til eit kursfall frå over 20 kroner aksjen i november 2022 til 1,16 kroner aksjen i juni 2023. I november 2024 var kursen nede i 0,48 kroner aksjen.
Hovudindeksen på Oslo børs fall fredag 0,59 prosent til 1642,83 poeng. Det gjer at indeksen er tilbake der den starta veka - drygt 15 prosent over nivået ved årsskiftet.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,68 | 9,85 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,40 | -2,63 % |
| Endúr | kr 85,90 | 1,06 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,15 | 0,59 % |
| Hav Group | kr 6,66 | 3,42 % |
| Havila Kystruten | kr 1,22 | -2,01 % |
| Havila Shipping | kr 1,24 | 2,92 % |
| Hexagon Composites | kr 9,37 | -1,06 % |
| Hexagon Purus | kr 1,65 | -1,79 % |
| Hofseth Biocare | kr 2,06 | -0,48 % |
| Tinde Sparebank | kr 119,06 | -3,20 % |
| Salmon Evolution | kr 5,21 | -0,95 % |
| Sparebanken Møre | kr 104,00 | 0,19 % |
Publisert: 24.10.2025 14:02
Sist oppdatert: 24.10.2025 16:54






