Marte Aarseth Atea foto Marius
STOR AKTØR: Marte Aarseth leiar kring 80 Atea-tilsette ved fire ulike kontor i Møre og Romsdal. Årleg omsetning er kring ein halv milliard kroner. Foto: Marius Rosbach
Nytt

It-lokomotiv omsett for ein halv milliard i fylket

Atea er blitt større på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
24.10.2025

Atea er mellom dei største it-miljøa på Nordvestlandet. Marte Aarseth som leiar konsernet i Møre og Romsdal, kan fortelje at dei er oppe i 80 tilsette og omsett for kring ein halv milliard årleg i fylket.

Pågang frå både offentleg sektor og næringslivet som ønsker å ta i bruk ny teknologi som kunstig intelligens, er drivaren bak mykje av veksten dei opplever. 

– Tilgang på ressursar og folk er ein knappheit, samtidig som økonomien ofte er strammare. Då blir spørsmålet gjerne korleis ein kan få meir ut av folka ein allereie har. Og det er teknologien som gjer det mogleg, legg ho til. 

Atea konferanse nmk foto Marius
ÅRLEG KONFERANSE: Kring 350 personar og 200 selskap deltok på Atea Community på NMK i Ålesund torsdag. Foto: Marius Rosbach

Samla 350 på konferanse i Ålesund
Torsdag samla it-selskapet kring 350 deltakarar og 200 selskap til den årlege teknologikonferansen Atea Community på NMK i Ålesund. 

Frå morgon til sein ettermiddag kunne ein oppdatere seg fagleg, mingle med bransjefolk og snakke direkte med «alle» dei store aktørane i bransjen på ein og same plass. 

– Då vi starta for 20 år sidan var det stort sett berre it-folk, men det har vore ei dreiing mot at fleire leiarar frå ulike verksemder deltek på konferansen, fortel Marte Aarseth som leiar dei Atea-tilsette i Møre og Romsdal. 

– Det er blitt viktigare at toppleiinga forstår kva ein skal eige og kjøpe inn av teknologi, legg ho til. 

Opna nyleg nytt kontor i Molde
Tidlegare på dagen rapporterte Atea-konsernet om vekst både i omsetning og resultat for tredje kvartal nasjonalt. Spesielt auke i etterspurnaden frå offentleg sektor er ein drivar, opplyste selskapet.

Også på Nordvestlandet har Atea utvida verksemda. I tillegg til kontora i Ålesund, Kristiansund og Fosnavåg, opna dei nyleg nytt kontor i Molde sentrum. 

– Det er viktig for oss å vere til stades lokalt med folk som kjenner næringslivet i regionen, påpeiker Aarseth.

Marte Aarseth Atea foto Marius 2
TØFF KAMP OM TILSETTE: It-bransjen er framleis prega av sterk konkurranse om dei flinkaste folka fortel Marte Aarseth i Atea. Foto: Marius Rosbach

Jobbar med å etablere utviklarmiljø
It-folk har i fleire år vore svært ettertrakta på jobbmarknaden. Aarseth fortel at dei klarer å rekruttere bra med folk på dei fleste områder – men at det alltid er på utkikk etter flinke folk. 

– Vi skulle gjerne klart å etablere eit større utviklarmiljø, men dei er det stor rift om. Så langt har vi ikkje klart å tilsette så mange som vi ønsker på det området, seier ho. 

– Ein viktig jobb er også å få tak på dei som klarer å formidle korleis teknologien kan gjere deg og meg meir produktive. Og som klarer å fortelje det til ein toppleiar, lærar eller industriarbeidar på deira «språk», legg ho til.

Eige ekspertteam for datainnbrot
Saman med utvikling av nye digitale tenester, er behovet for datatryggleik ein sentral drivar for veksten i Atea sin verksemd. 

Ein rekke selskap i regionen som har vore utsett for datainnbrot, har hatt god nytte av Atea sine tenester som mellom anna inkluderer eit eige ekspertteam på feltet. 

– Vi jobbar mest med førebygging, men også med beredskapen for kva ein skal gjere når alarmen går. Ein må sikre informasjonen ein sitt på, men ikkje minst: Ha ein god plan når alt går galt, seier Aarseth. 

Publisert: 24.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 24.10.2025 00:35

Mer om