Aspaker droppar omstridd forslag
DROPPAR FRAMLEGG: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker droppar framlegget frå Ragnar Tveterås om å fjerne deltakarlova og fiskerisalslova. Her er dei i samtale under årsmøtet i havfiskeflåten sin bransje- og interesseorganisasjon Fiskebåt tidlegare i år.
Nytt

Aspaker droppar omstridd forslag

Etter å ha vendt tommelen ned for omstridde forslag frå Tveteråsutvalet seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker seg klar til å samarbeide om å få ein meir lønsam og konkurransedyktig fiskeindustri.

07.09.2015
(NTB/NPK): Aspaker har avklart at det er uaktuelt for regjeringa å gjere noko med deltakarlova og fiskerisalslagslova. Med dette stoppar ho debattane om utanlandsk eigarskap eller ein industrieigd fiskeflåte.
Eit stort fleirtal av høyringsinstansane raste mot dei mest ytterleggåande forslaga frå det såkalla Tveteråsutvalet. Dette utvalet foreslo å fjerne det meste av reguleringar i næringa for å skape lønsemd i fiskeindustrien.


Innspel å ta med seg

Aspaker har inntil nyleg nekta å ta stilling til forslaga. Men under Husøydagan på Senja i Troms kom avklaringa om at ho legg bort alle planar om å endre deltakarlova og fiskesalslagslova.
– Sjølv om vi har lagt bort to av forslaga som heller ikkje regjeringspartia har gått til val på, meiner eg det er mange viktige ballar å ta med seg vidare frå Tveteråsutvalet, seier fiskeriministeren til NTB.

Dyr arbeidskraft

Ho tek utfordringa som Helga Pedersen frå Arbeidarpartiet kom med under Husøydagan nyleg om at kreftene no må brukast på å jobbe for ein innovativ, konkurransedyktig og lønnsam fiskeindustri i Noreg.
– Det handlar om å svare på utfordringane som Tveteråsutvalet er heilt einige om, nemleg at det ikkje nyttar for ein industri i Noreg å satse på billigast mogleg arbeidskraft. Bedriftene må ha svarte tal på botnlinja for å kunne investere i ny teknologi og henge med i den tøffe konkurransen som norsk fiskerinæring møter ute, seier Elisabeth Aspaker.

Får ros

På leiarplass karakteriserer Fiskeribladet Fiskaren avklaringa frå Aspaker som ei klok avgjerd. Leiarskribenten i avisa meiner ho tidleg innsåg at kampen mot deltakarlova var ein dødfødd prosess. På Husøya strødde Helga Pedersen salt i såra.
– Dette er forslag heile kysten har vore imot og der Høgre og Framstegspartiet har vore i eit einsamt mindretal på Stortinget, sa Pedersen.
Ho meinte Aspaker-avklaringa var einaste moglege utgang på spørsmålet og la til at ho er glad for at denne viktige avklaringa kjem no.

Einøygd debatt

Fiskeriministeren seier til NTB at ho skal jobbe jamt og trutt med forslag og løysingar for fiskeindustrien.
– Debatten om innstillinga frå Tveteråsutvalet har vore veldig einøygd. Ein har konsentrert seg om dei lovene, men komme med svært få forslag om kva slags grep som bør takast framover, seier Aspaker. (©NPK)

Publisert: 07.09.2015 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46