Kapitalutvidinga skal etter planen vedtakast på ei ekstraordinær generalforsamling på nett i morgon formiddag, måndag 4. august.
Fire storaksjonærar; eit Norselab-fond, det britiske investeringsfondet Ocean 14 Capital Fund I s.c.s.p., selskapa Hofseth International og Cinus, har forplikta seg til å gå inn med nye pengar.
Selskapet har arbeidd for å få med nye investorar i eit halvt år, utan å lukkast. Difor vurderer styret det "som mest hensiktsmessig å sikre det kortsiktige kapitalbehovet gjennom eksisterende aksjonærer", ifølgje innkallinga til generalforsamlinga.
"Selskapet har per i dag et kortsiktig kapitalbehov på 30 MNOK, og et estimert mellomlangsiktig behov på ytterligere 40 MNOK for å sluttføre ombyggingen av det nye fartøyet og sikre tilstrekkelig arbeidskapital i oppstartsfasen.", heiter det i innkallinga.
Ombygging
Hausten 2023 inngjekk Ava Ocean ein byttehandelavtale med Westcon Group sitt seismikkselskap Maritime Management. Maritime Management overtok det tidlegare offshorefartøyet Ava Ocean hadde fått bygd om til haneskjelfiske, i bytte mot ein tidlegare reketrålar som Maritime Management hadde brukt som seismikkfartøy.
Målet med byttehandelen for Ava Ocean var å få ein båt som var bygd for fiskeri, og kunne få eit nytt og betre produksjonsutstyr ombord. Når fartøyet er ferdig skal fartøyet både drive meir energiøkonomisk, ha ein betre fabrikk med ein meir komplett produksjon og ha ein ny versjon av Ava Ocean sitt haustingsutstyr ombord. Den nye fabrikken skal mellom anna gjere det unødvendig å sende haneskjela vidare til bearbeiding i utlandet.
I staden for tråling plukkar Ava Ocean skjela frå havbotnen, ein fangstmetode som gjorde at selskapet fekk løyve til å gjenopne haneskjelfisket etter at det har vore stengt sidan 90-talet.
103 millionar kroner
Ava Ocean har over 30 aksjonærar, der fleirtalet eig mindre enn ein prosent av selskapet.
Om alle, ikkje berre dei fire største aksjonærane, vel å gå inn med pengar i høve til sin eigarandel blir det snakk om ei kapitalutviding på i alt 103 millionar kroner, ifølgje innkallinga til den ekstraordinære generalforsamlinga.
Nett No har spurt selskapet om årsaka til kapitalutvidinga, om alle aksjonærane har rett til å delta i kapitalutvidinga i høve til sin eigarandel og korleis selskapet vurderer sjansen for at kapitalutvidinga blir vedtatt.
Dette svarar styreleiar Yngve Tvedt i Ava Ocean i ein epost: "Emisjonen er en del av finansieringsplanen til selskapet ifbm ombygging av ny båt samt igangsetting av fiskeri i 2026. Dette er en finansieringsrunde som gjøres internt blant dagens aksjonærer og alle har rett til å bidra med sitt. Emisjonen har brei støtte blant aksjonærene og både vi, Hofseth og de andre store aksjonærene har bekreftet at vi deltar."
Yngve Tvedt er investeringsdirektør i investeringselskapet Norselab, som står bak Norselabfondet som er medeigar i Ava Ocean. Yngve Tvedt er også bror av Øystein Tvedt, som er dagleg leiar og og medgrunnleggar av Ava Ocean.
Les også
Ava Ocean trur på betre drift med ny båt. Skal vere klar til neste år.
Kåret av Kapital til en av de unge stjernene i norsk næringsliv.
Heder til fangsteknologien som Ålesund-rederiet har utviklet.
90 millionar i salsinntekt i første driftsår for skjelsanke-selskapet.
Ava Ocean får med seg Ocean 14 Capital på laget og satsar internasjonalt.
Oppstartsselskap har blant annet fått med Norselab og Aksel Lund Svindal som nye investorer.
| Ava Ocean as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 79,4 | 107,1 |
| Driftsresultat | -36,7 | -23,4 |
| Resultat før skatt | -54,9 | -40,3 |
Publisert: 03.08.2025 05:00
Sist oppdatert: 02.08.2025 19:24






