Julehilsen21
OPPDRETT: Salmon Evolution er godt i gang med første byggjetrinn på Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Dundrar ned på børsen

Tungt børsfall for Atlantic Sapphire og Salmon Evolution.

08.02.2022

Dei to laksesleskapa med base på Nordvestlandet toppar taparlista på Oslo Børs tysdag.

Rundt klokka 16 er Atlantic Sapphire ned 12,6 prosent til vel 35 kroner aksjen. Heile selskapet er dermed prisa til 3,2 milliardar kroner, eit verdifall på 76 prosent på eitt år.

Kuttar kursmål
Den siste nedgangen kjem etter at meklarhuset Fearnley Securities har nedgradert aksjen frå kjøp til hald. Samstundes vart kursmålet barbert frå 106 til 45 kroner.

Måndag kom selskapet med ei statusoppdatering.

Men også Salmon Evolution fell tungt. Aksjekursen er tysdag ettermiddag på rundt 9,65kroner aksjen, eit fall på vel elleve prosent frå måndag.

Heile selskapet er dermed prisa til 3,0 milliardar kroner.

Stopp i oppgangen
Trass den siste nedgangen, har aksjekursen til selskapet stige kraftig i år. Siste månaden er kursauken på 17 prosent, trass dagens børsfall.

På det lavaste tysdag har aksjen vorte omsett for 9,01 kroner.

Fearnley Securities har no eit kursmål på Salmon Evolution på 8,50 kroner, ned frå tidlegare 9 kroner.

Publisert: 08.02.2022 15:51

Sist oppdatert: 08.02.2022 16:25

Mer om