Atlantic Seafood montasje john christian elden foto kjetil elden advokatfirma 11
KONKURS: Mannen som eigde fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood på Moltustranda i Herøy, er fengsla i Litauen. Mannen nektar straffskuld, ifølgje hans norske advokat John Christian Elden (t.h.) Foto: Kjetil Haanes/Elden Advokatfirma
Nytt

Atlantic Seafood-eigar fengsla

Mannen bak konkursråka Herøy-bedrift, arrestert i Litauen. Nektar straffskuld, ifølgje advokaten.

Marius Rosbach
31.01.2023

Daniel Andersen som har vore eigar av Atlantic Seafood på Moltustranda, er sikta for momsunndraging i Litauen, ifølgje Intrafish.

Fiskerinettstaden skriv at Andersen er ein av fem personar som blei fengsla etter ein politiaksjon mot eit bemanningsnettverk i det baltiske landet.

Bakgrunnen har etter det Intrafish kjenner til, ikkje noko med Atlantic Seafood-konkursen på Moltustranda å gjere.

Sikta for momsunndraging
Nordmannen er sikta for medverknad til momsunndraging for ein rekke litauiske selskap, i samband med utleige av arbeidskraft til fiskeindustrien i Nord-Norge.

Politiet mistenker nettverket for skattesvik til eit beløp på kring åtte millionar kroner i perioden 2017-2019.

Forretningsmannen sin norske advokat John Christian Elden, skriv i ein e-post til Intrafish at han nektar straffskuld.

Vil bli utlevert
Tre andre menn og ei kvinne vart også tekne i politiaksjonen som skjedde koordinert i Alta i Norge og Vilnius i Litauen, ifølgje ei pressemelding Nordland politidistrikt sendte ut før helga.

Politidistriktet har samarbeida med Økokrim, Finnmark politidistrikt og litauiske politistyresmakter via Financial Crime Investigation Service (FCIS/FNTT).

Andersen er fengsla fram til 21. februar, og ifølgje politiadvokat Cecilie Øiesvold vil den sikta bli overført til norsk politi sin varetekt før fengslinga går ut.

Bustyrar granskar store overføringar
Bustyraren for Atlantic Seafood-konkursen jobbar samtidig med å nøste opp i kva som skjedde då dei vart overført store beløp frå Herøy-bedrifta til selskap i Litauen.

- Etter bustyrar si oppfatning synest det å vere føreteke fleire utbetalingar som truleg kan vere omstøytelege, heitte det i bustyrar Jørund Knardal i sin første rapport om saka til tingretten.

I Innberetninga skriv Knardal at det er meldt 48 krav på tilsaman 20 millionar kroner etter konkursen.

55 tilsette blei råka av konkursen og selskapet skal skulde fleire av desse betydelege summar i lønn.

Publisert: 31.01.2023 15:04

Sist oppdatert: 31.01.2023 15:19

Mer om