Moltu anleggm foto salsdok
STOPP: Atlantic Seafood dreiv frå 2021 vidareforedling av fisk i dette anlegget på Moltustranda. Også førre selskap som dreiv med vidareforedling her gjekk konkurs. Foto frå salsprospektet for anlegget.
Nytt

Vil ha svar om store utbetalingar

Bustyraren vil granske store utbetalingar frå fiskeforedlingsselskapet Atlantic Seafood før konkursen.

02.01.2023

"Etter bustyrar si oppfatning synest det å vere føreteke fleire utbetalingar som truleg kan vere omstøytelege", skriv bustyrar Jørund Knardal i den mellombelse innberetninga til Møre og Romsdal tingrett.

Knardal seier til NETT NO at det mellom anna handlar om utbetalingar i oktober og september frå Atlantic Seafood sine norske bankkonti til selskapet sine konti i utlandet, og om utbetalingar til eigedomsselskapet Legemyrane 4, som eig bygningane på Moltustranda der Atlantic Seafood leigde lokale.

Til saman utgjer dei fem transaksjonane som Knardal gir som døme overføringar på over 1,1 millionar kroner.

Den Litauen-baserte nordmannen Daniel Andersen eigde Atlantic Seafood ifølgje den mellombelse innberetning og er også eigar av Legemyrane 4, ifølgje proff.no.

Ber Skatteetaten om garanti

Kva som ligg bak overføringane, og kvar pengane har eventuelt teke vegen etterpå har Knardal førebels ikkje lukkast med å få avklart.

"Det er overført midlar til selskapet sine kontoar i Lituaen, og bustyrar har bede Daniel Andersen fleire gongar om informasjon om desse kontoane. Daniel Andersen har enno ikkje sendt over kontoutskriftene.", heiter det i innberetninga.

No ber Knardal Skatteetaten om hjelp til å finansiere arbeidet.

"Buet vil her søkje om garanti frå Skatteetaten for evt. forfylgjing av omstøytelege forhold", skriv Knardal i den mellombelse innberetninga.

Knardal vurderer også å be Skatteetaten stille ein garanti for "arbeid knytt til moglege straffbare forhold, og til evt. krav om omstøying av utbetalingar".

Krav på 20 millionar kroner
Det vart opne konkurs i Atlantic Seafood 21. november i år, etter krav frå tilsett som ikkje hadde fått løn og feriepengar.

I den mellombelse innberetninga skriv Knardal at det er meldt 48 krav på tilsaman 20 millionar kroner etter konkursen.

I tillegg kjem løns- og feriepengekrav frå truleg omlag 200 tilsette.

Knardal meiner dei store krava støttar opp unders hans vurdering om at selskapet truleg var insolvent allereie ved årsskiftet 2021/2022. (Insolvens betyr at selskapet ikkje har midlar til å gjere opp for seg og også har meir gjeld enn verdiar).

Skulle ha tilsette i Noreg
- Vi har gjort ei heilheitsvurdering av investeringa og av framtidspotenisalet på Moltustranda, og planlegg produksjon av laksefilet og andre lakserelaterte produkt.

Det skreiv Daniel Andersen i ein epost til NETT NO sommaren 2021.

- Vi har kun lokalt tilsette medarbeidarar som har arbeidsavtale direkte med selskapet, og som skattar til Herøy kommune eller til annan nabokommune, skreiv han vidare.

Bustyrar oppsummerer kvar dei tilsette kom frå slik: "Bustyrar har hatt vanskar med å kome i kontakt med alle tilsette på grunn av mangelfull kontaktinformasjon. Arbeidstakarane har i stor grad kome frå ulike land i Aust-Europa og Baltikum."

Bakteriar i fisken
Ifølgje Daniel Andersen og tidlegare styreleiar Bjarte Aambø sine opplysingar til bustyraren skuldast problema i selskapet hausten 2022 at dei to største kundane heldt att betaling.

Grunnen var at det var funne bakteriar i fisken. Truleg var årsaka bakteriar i vatnet inn til anlegget, men grunnen er ikkje avklart.

Utan leveransar frå dei største kundane var det stopp.

Publisert: 02.01.2023 11:00

Sist oppdatert: 02.01.2023 17:36

Mer om