Atlantic Seafood Moltu 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
DRIFTSELSKAP: Konkursråka Atlantic Seafood eigde korkje anlegg eller utstyr på Moltustranda, men leigde alt frå to andre selskap.
Nytt

To selskap misser inntektene

Selskapa som leigde ut anlegg og utstyr, råka av konkursen i fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood.

03.01.2023

Atlantic Seafood var eit produksjonsselskap utan eigne eigedomar og utstyr, som leigde lokale frå selskapet Legemyrane 4 AS på Moltustranda og fryseanlegg og utstyr frå selskapet Sandanger Invest AS.

Det går fram av den mellombelse innberetninga til bustyrar Jørund Knardal.

Buet har ingen planar om å vidareføre drifta på Moltustranda etter konkursen i Atlantic Seafood fjor, og har erklært at det ikkje trer inn i avtalane med Legemyrane 4 AS og Sandanger Invest AS.

Dei to selskapa er ifølgje proff.no eigd høvesvis av den Litauen-baserte nordmannen Daniel Andersen (Legemyrane 4) og Nadia Bendal Sandanger, Anne-Britt Sandanger, Franciska Sandanger og Oddhild Sandanger (Sandanger Invest). Dei fire eigarane i Sandanger Invest eig 25 prosent kvar i selskapet.

Daniel Andersen eigde også Atlantic Seafood.

Legemyrane 4 hadde 1,2 millionar kroner i driftsinntekter i 2021 og eit resultat før skatt på minus 1,3 millionar kroner. Gjelda var på 8,7 millionar kroner og den bokførte eigenkapitalen negativ med 1,1 millionar kroner. Storparten av gjelda er lån frå andre selskap i konsernet.

Sandanger Invest hadde 2,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 0,6 millionar kroner i 2021. Selskapet hadde ein bokført eigenkapital på 1,8 millionar kroner.

Kjøpte etter konkurs
Sandanger Invest kjøpt utstyret som blei lagt ut på tvangssal i 2019. Då hadde det ikkje vore drift i anlegget på Moltustranda sidan året før, etter konkursen i produksjonsselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood.

Prisen var på utstyret som var kjøpt i tvangsalet var 1,33 millionar kroner.

Kjøpet omfatta mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar.

Bygg og anlegg på Moltustranda vart kjøpt av Legemyrane 4 i 2020.

Prisen var fem millionar kroner, i følgje eigedomsregisteret.

Legemyrane 4 er eigd av det litauiske selskapet Proximus Global. Det selskapet er eigd av Daniel Andersen, i følgje foretaksregisteret i Litauen. Bygg og anlegg på Moltustranda var tidlegare eig av Sunnmøre Eiendom Moldtu, med Edgar Sandanger som stor aksjonær. Sunnmøre Eiendom Moldtu gjekk konkurs 29. mai 2019 og anlegget vart seld av buet.

Publisert: 03.01.2023 10:30

Sist oppdatert: 03.01.2023 10:58

Mer om