Magnus Fiskum Hexeberg montasje nox utslipp foto kjetil 11
CRUISEHOPP: Ein forventa sterk vekst i cruisetrafikken vil gi eit nytt hopp i NOx-utsleppa. Det kan bety høgare NOx-avgifter, seier Magnus Fiskum Hexeberg i NOx-fondet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Auka cruisetrafikk kan koste dyrt for andre

- Dette rimar rett og slett ikkje, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige.

09.02.2022

Med cruisetrafikken tilbake for fullt, vil dei samla NOx-utsleppa på nytt auke så mykje at staten kan setje i verk sanksjonar. I praksis vil det seie høgare NOx-avgift.

Dette opplyste Magnus Fiskum Hexeberg, marknadsansvarleg i næringslivets NOx-fond, under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Dette reagerte fiskebåtreiar Sigurd Teige på. Teige har under bygging ein ny fiskebåt med fokus på reduksjonar i miljøutslepp.

- Her gjer vi store investeringar, men kjem altså ut som den tapande part når avgiftene aukar fordi cruisetrafikken aukar.

- Dette rimar rett og slett ikkje, sa Teige.

Også reiar Stig Remøy reagerte på ei muleg avgiftsauke. Han meinte på si side NOx-fondet hadde fungert, slik at næringa fekk tilbake dei pengane som var sette inn i ordninga, og etterlyste ei tilsvarande ordning for CO2-utslepp.

Helseskadeleg
NOx, også kalla nitrogenoksidar, er ein fellesnemnar på giftige gassmolekylar som det vert stilt strenge utsleppskrav til i Norge.

NOx kan føre til alvorlege helseskade hos menneske, bidreg til sur nedbør og kan skade økosystem, som dyre- og planteliv.

Etter at staten først påla ei NOx-avgift, inngjekk næringa og staten ved Klima- og miljødirektoratet i 2018 ein avtale som sette ei grense for dei samla utsleppa. Til gjengjeld vart midlane som vart betalt inn i NOx-fondet sett av til miljøtiltak for næringa.

Stor dropp i 2020
Avtalen varer til 2025, og Hexeberg viste til gode tal dei siste åra, der dei samla utsleppa har gått mykje ned.

- Men dette skuldast i stor grad lavare aktivitet som følgje av koronaen, ikkje minst i cruise.

- 5000 tonn av droppen i 2020 kjem frå cruisenæringa.

Men no er det forventa at utsleppa på nytt aukar, så mykje at staten kan kome med nye avgiftskrav.

- Eg seier ikkje at det skjer, men det er fare for det, sa Hexeberg.

Det finst ein god del fartøy som kan setje inn SCR-anlegg, men som hittil ikkje har gjort det
Magnus Fiskum Hexeberg

Må investere i klima
Han oppmoda reiarane til å investere i klimatiltak.

- Vi treng blant anna treng fleire reiarar som set inn SCR-anlegg (Selective catalytic reduction, red merk).

- Det finst ein god del fartøy som kan setje inn SCR-anlegg, men som hittil ikkje har gjort det., sa han.

Magnus Fiskum Hexeberg meinte elles at ordninga fungerte godt, og der det hittil har vorte utbetalt 1,4 millardar kroner i støtte til 254 prosjekt.

Store CO2-kutt
Han viste også til at NOx-reduserande tiltak også fører til store CO2-kutt.

- Frå 2018 og ti i dag er det gjennomført tiltak som gir 465.000 tonn CO2-reduksjon.

- Om vi ser på innvilga tiltak som enno ikkje er i drift, er det snakk om 2,3 millionar tonn CO2 årleg.

Han viste også til at fondet har to milliardar kroner i støttemidlar i dag.

Totalt er det 15 næringslivsorganisasjonar som har underteikna NOx-avtalen. No vert det forhandla om å utvide avtalen til å gjelde fram til 2027.

Publisert: 09.02.2022 11:10

Sist oppdatert: 09.02.2022 11:12

Mer om