Trond leira knut magnus kleven foto Bunker Oil 11
ÅLESUND: I desember i fjor overtok Trond Leira som toppsjef i Bunker Oil etter Jan Magnus Kleven (t.h.). 2021 vart eit historisk godt år for selskapet. Foto: Bunker Oil
Nytt

Auka omsetninga med 1,5 milliardar

Knallår for Bunker Oil - slo alle rekordar med god margin.

08.07.2022

Høge oljeprisar gjorde at det gjekk mykje pengar både ut og inn for Ålesund-selskapet Bunker Oil i fjor. Selskapet auka omsetninga med over 1,5 milliardar kroner, til vel 6,4 milliardar. Det er solid ny rekord for selskapet som passerte milliarden i omsetning for første gong i 2007.

Resultatet før skatt vart også rekordgodt, med 130,8 millionar kroner. Det er godt nytt for det familieeigde selskapet, der eigarane for fjoråret kan ta ut eit utbyte på solide 40 millionar kroner.

Bunker Oil
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 6431,2 4804,6
Driftsresultat 129,4 74,1
Resultat før skatt 130,8 79

Leiarskifte
Hovedaksjonær er Jan Magnus Kleven, som eig 52 prosent av selskapet. Resten er likt fordelt blant barna Morten Hustad Kleven, Magnus Hustad Kleven og Maren Kristine Kleven Fox.

Etter å ha leia selskapet i 30 år, gjekk Jan Magnus Kleven i desember i fjor av som dagleg leiar. Ny toppsjef vart Trond Leira, som gjekk frå Inmarsat til å leie nordvestlandets nest største selskap målt i omsetning.

Ålesund-selskapet er godt rusta for framtida med ein eigenkapital på 498 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Avgifter og pålegg gir uvisse
Men styret er ikkje berre optimistisk for framtida. I årsrapporten går det fram at auka i avgifter og pålegg om innblanding av biodrivstoff gir usikre og vanskeleg rammevilkår for bransjen.

Ein fryktar også problem med å skaffe nok produkt. Noko av dette kjem av krigen i Ukraina, men det vert også vist til at det har vore underinvestert i både petroleums- og raffinerikapasitet. Dette betyr framleis høge prisar.

Trur på mindre bensinfylling
Bunker Oil har sju eigne tankanlegg langs kysten, som i hovedsak forsyner båtar og industri. Anlegga ligg i Ålesund, Kristiansund, Tromsø, Olavsvern, Hammerfest, Båtsfjord og Kirkenes.

I tillegg har selskapet bygt opp eit stort nett av bensinstasjonar i Midt-Norge og Nord-Norge.

Styret forventar svak utvikling for bensinstasjonane framover. Derimot forventar ein auke i leveranse av biodrivstoff til industrien.

Bunker Oil hadde ved årsskiftet 43 tilsette.

Publisert: 08.07.2022 09:41

Sist oppdatert: 08.07.2022 10:43

Mer om