Oystein Tvedt 1 foto Marius
NY FABRIKK: Ava Ocean-sjef Øystein Tvedt ved selskapet sitt nye hanskjelfartøy, som mellom anna får ein ny fabrikk ombord. Går alt som det skal kan fartøyet vere i fiske i slutten av 2025. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Aukar kapasiteten med ny fabrikk

Auka kapasitet og ferdig pakka haneskjel med ny fabrikk.

05.05.2025

Den nye fabrikken som Optimar skal levere til Ava Ocean sin haneskjelfiskebåt skal både gjere det råd å bearbeide fangsten raskare og gjere heile produksjonen unna i båten.

Det er innfrysingskapasiteten som blir forbetra samanlikna med den første fabrikken, i tillegg til at fabrikken gjer det råd med ei meir fullstendig bearbeiding. (Den første fabrikken var levert av PE Bjørdal i Ørsta, som gjekk konkurs våren 2023).

Det er muskelen i haneskjela som marknaden vil ha, og med den nye fabrikken kan Ava Ocean fryse ein og ein muskel (såkalla singelfrysing)  og pakke fangsten ombord før den blir sendt ut til kundane, fortel dagleg leiar Øystein Tvedt i Ava Ocean.

Han vil ikkje opplyse kva Ava Ocean betalar for fabrikken frå Optimar, utover å seie at selskapet "brukar betydelege ressursar på å få på plass ein ny fabrikk"

Båt nummer to
Ava Ocean i Ålesund hadde sitt første heile driftsår i 2023 og fiska då haneskjel for 107 millionar kroner. 

Det fisket vart gjort med det ombygde offshorefartøye Arctic Pearl.

I ein byttehandel overtok reiarlaget Artemis Arctic, som no er under ombygging på Fiskarstrand Verft.

Artemis Arctic var sist i arbeid som seismikkskip, men vart opphavleg bygd som reketrålar.

Opna stengt fiske
Ideen til Ava Ocean er å sanke skjel frå havbotnen ved hjelp av ein eigenutvikla metode som erstattar tradisjonell botnskraping og i staden plukkar skjela.

Haneskjelfisket har vore stengt sidan 90-talet, men Ava Ocean sin nye metode bidro til at selskapet fekk gjenopna fisket og kunne dra på sin første tur i Barentshavet i slutten av 2022.

Publisert: 05.05.2025 12:45

Sist oppdatert: 05.05.2025 12:45

Mer om