Artic Artemis Ava Ocean fiskerstrand gruppe foto Marius
I GANG MED OMBYGGING: Representantar for verftet og reiarlaget framfor skipet som i løpet av året skal bli ein topp moderne skjellsankar. Vidar Hauge (f.v), Jan Olav Hansen, Robin Vestad, Øystein Tvedt, Dag Vikestrand og Per Asle Fiskerstrand
Nytt

Bygger om tidlegare reketrålar til skjellsanking

Ava Ocean trur på betre drift med ny båt. Skal vere klar til neste år.

Marius Rosbach
31.03.2025

På Fiskerstrand Verft er det hektisk aktivitet om dagen med ein rekke fartøy inne til reparasjon og vedlikehald. 

Eitt av dei største oppdraga for tida, er å bygge om ein tidlegare reketrålar, som no har vore nytta som seismikkskip, til eit topp moderne fartøy for skjellsanking i regi av Ava Ocean. 

Arbeidet tok til tidlegare i år, og skal være ferdig mot slutten av året.

– Vi fann ut at det var eit godt tidspunkt å selje båten vi hadde. Samtidig har vi hausta erfaringar frå det første driftsåret, og analysert oss fram til kva som vil vere det optimale båtkonseptet for vårt fiskeri, fortel Ava Ocean-sjef Øystein Tvedt til Nett No.

Artemis Acrtic  for ombygging fot Marius
NY FABRIKK: Skroget på nyebåten er meir romsleg enn den førre, trass i at skipet er ti meter kortare. Her kjem ein ny fabrikk frå Optimar på plass i løpet av året. Foto: Marius Rosbach

Blei bygd som reketrålar
Med sitt ombygde offshoreskip Arctic Pearl, fekk selskapet løyve til å hauste haneskjell – ein form for kamskjell – for første gong på 30 år. 

Reiarlaget fangsta haneskjell for kring 107 millionar i første heile driftsår i 2023

Tvedt fortel at dei var nøgd med fangsten, men trur dei kan gjere det betre med eit nytt skip. 

Reiarlaget overtok Artemis Arctic som sist har vore i arbeid som seismikkskip, mot slutten av fjoråret. Det er kring ti meter kortare og eit par meter breiare, enn deira tidlegare fartøy.

Samtidig har skipet ei fortid som reketrålar under namnet Ocean Trawler og har eit meir tradisjonelt fiskebåtskrog. 

Ny fabrikk frå Optimar – same fangskonsept
Ombygginga av det 74 meter lange skipet inkluderer ein ny fabrikk om bord frå Optimar. 

– Vi brukar opp igjen dei delane frå sist som fungerte godt, også leverer Optimar den nye fabrikken, seier Tvedt. 

Det eigenutvikla innsankingsutstyret som skal om bord, blir flytta frå Arctic Pearl. 

– Fangstkonseptet blir det same med nokre forbetringar, fortel reiarsjefen. 

Artic Artemis akter for ombygging fot Marius
SAME FANGSTLØYSING: Om bord på ombygde Artemis Arctic kan mannskapet hale inn fangsten akter, i staden for på sida, som på den førre båten Arctic Pearl.

Har halde på nøkkelpersonell
I utgangspunktet er skjellfangsten ei heilårsverksemd, og Tvedt har som mål at dei får utnytta heile kvota neste år

Ein del av sjøfolka dei hadde i arbeid har blitt sagt opp, men dei har halde på kring 14 nøkkelpersonar i ombyggingsperioden. 

– Dei har fått erfaring frå det første toktet og har gjort eit fantastisk arbeid. Det har vore viktig for oss å ha dei med gjennom ombyggingsperioden, fortel han. 

Namnet på «nyebåten» er ikkje avgjort enno. 

Ombygginga blir finansiert ved hjelp av Eksfin, Innovasjon Norge og Sparebanken Møre. 

Oystein Tvedt 1 foto Marius
IKKJE AVGJORT NYTT NAMN: Det har vore fleire namn på skutesida av skipet som både har vore reketrålar og seismikkskip. No skal den bli skjellsankar med Ava Ocean sitt eigenutvikla fangstløysing som er meir skånsam enn tidlegare metodar. Foto: Marius Rosbach

Omfattande oppdrag for verftet
For Fiskerstrand Verft er slike ombyggingsoppdrag viktige for å jamne ut produksjonen og gjer det enklare å planlegge ressursane, fortel verftsdirektør Dag Vikestrand og sal- og marknadssjef Per Asle Fiskerstrand. 

– Vi hausta mykje erfaring ved å bygge den første båten til reiarlaget, som kjem godt med i dette oppdraget, fortel Vikestrand. 

– Akkurat no har vi ganske bra å gjere, men vi treng stadig meir. Det er mange båtar som er inne for reparasjon og vedlikehald i kortare periodar. Samtidig er slik ombyggingsoppdrag viktige for oss, fordi det gir arbeid over lengre tid, legg Vikestrand til. 

Framleis tøft å rekruttere tilsette
Fleire verft har fortald at det har vore vanskeleg å rekruttere tilsette og skaffe nok folk til større oppdrag.  

Verftssjefen fortel at rekruttering av eigne tilsette framleis er ei stor utfordring. 

Når det gjeld tilgang på personell til innleige og entreprisar frå leverandørar, opplever han at det er enklare enn for eitt år sidan, noko som kan skuldast variasjonar i behova blant verfta i regionen. 

Publisert: 31.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 31.03.2025 00:08

Mer om