Ina Eldøy Stranda hotel ny
FLEIRE FOLK: Stranda Hotel-sjef Ina Eldøy bur seg på at verknanden av koronapandemine slepper taket, og søkjer etter fleire tilsette.
Nytt

Aukar staben på Stranda Hotel

Fekk halvert driftsinntektene i fjor og ein tøff start i år. No bur hotellet seg på at koronapandemien slepper taket.

09.09.2021

Lyset gjekk 12. mars i fjor, med regjeringa sin kraftige smittervernrestriksjonar på mellom anna reiser og møte. Dagen etter stengte Stranda Hotel-sjef Ina Eldøy dørene og heldt stengt til slutten av juni.

Godt besøk i juli og i september 2020 - takka vere mannskap som produserte ein ny Mission Impossible-film - gjorde sommar og tidleg haust til ein god periode, men resten av året blei magert, med avlyste bestillingar og liten aktivitet.

Stranda Hotel as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt14,328,8
Driftsresultat-0,4-1,8
Resultat før skatt-1,2-2,8

Betre lønsemd
Trass det store inntektsfallet, betre Stranda Hotel lønsemda i fjor (sjå tabell) til det beste resultatet under dagens eigarar.

I år har det vore meir utfordrande å regulere kostnadane i takt med aktiviteten. Grunnen er hyppige endringar i reglar og tilrådingar om smitteverntiltak, der hotellet har halde ope og vore bemanna - men dei venta besøka og inntektene svikta.

Eldøy seier hotellet har hatt ein god sommarsesong og start på hausten, mellom anna med auke i forretningreisande. Mot slutten av året ventar ho auka aktivitet frå møte og arrangement, mellom anna julebord, og at inntekt og resultat endar omlag for i 2020.

Nye eigarar
Strandarane Frode Håkon Kjølås og Kjetil Helge Nordang kjøpte Stranda Hotel frå Ålesund-arkitekt Odd Slyngstad hotellet ved årskiftet 2013/2014. Med på eigarsida er også Norsk Sjømateigarane Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold.

Då selskapet blei kjøpt hadde hotellet fleire år med tap bak seg, og sjølv om inntektene har vore stigande kvart år, fram til koronaåret i fjor, har selskapet gått med underskot.

Eigarane eig også Strandafjellet Skisenter, og har pussa opp hotellet mellom anna som ein del av satsinga på å utvikle Stranda som skidestinasjon og turistmål.

Publisert: 09.09.2021 13:00

Sist oppdatert: 09.09.2021 13:57

Mer om