Mission Impossible montasje Tom Cruise Hellesylt foto Marius Gage Skidmore-Wikimedia Commons
STORE RINGVERKNADER: Innspelinga av Tom Cruise-filmen Mission Impossible gir ringverknader på kring 200 milionar kroner. Nord Helikopter er ei lokal bedrift som har oppdrag for  med produksjonen.  
Nytt

– Kjærkome oppdrag i ei vanskeleg tid

Nord Helikopter har ein opptur med Tom Cruise-innspelinga. Filmbransjen meiner oppdraga for lokale bedrifter kan bli langt fleire om refusjonsordninga blir endra.

Marius Rosbach
26.09.2020
I desse dagar skulle truleg innspelinga av Mission Impossible i Norge etter planen ha vore over. Men i Romsdalen er crewet framleis på jobb med å spele inn scener. For mange lokale bedrifter er det berre ein bonus etter vekevis med oppdrag for produksjonen som involverer nærare 500 personar.
Ein av dei mest synlege lokale bedriftene i filminnspelinga, er Flakk-eigde Nord Helikopter. På bilda av Tom Cruise som sett utfor frå Helsetkopen i Hellesylt med motorsykkel, gjekk verda rundt - med eit oransje helikopter frå Vigra godt synleg.
– Det har vore eit kjærkome bidrag i ei vanskeleg tid, og vi er glade for at vi blei engasjert, seier dagleg leiar Erlend Folstad i Nord Helikopter til NETT NO.
Og det er alt han vil seie om akkurat det konkrete filmoppdraget. På lik linje med andre lokale firma, har dei skreve under på at dei ikkje skal snakke om arbeidet for storproduksjonen.
Koronapandemien har ført til utfordringar på rekke og rad for helikopterselskapet så langt i år. Først stoppa nesten alt opp då heile landet blei nedsteng, deretter har ulike reiserestriksjonar ført til at fleire prosjekt blei bremsa.
– Det påførte oss ein del kostnader, og i sommar hadde vi ei turistsatsing som nærast stansa heilt opp, fortel Folstad.
Helikopterselskapet gjekk også med underskot i fjor (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).

Varer og tenester for 200 millionar

Ålesundaren Per Henry Borch i True North er meir snakkesalig om sjølve arbeidet med å å spele inn den sjuande Mission Impossible-filmen med ei av verdas mest kjende skodespelarar i hovudrolla. Dei siste vekene har dei vore «høgt og lågt» både på Sunnmøre, Romsdalen og Nordfjord.

– Til saman er det snakk om varer og tenester for kring 200 millionar kroner som blir investert her i Norge på grunn av denne produksjonen, fortel linjeprodusenten som har vore sentral i at ein rekke innspelingar har hamna i Norge dei siste åra.
Nøyaktig kva summar som går til kva på Mission Impossible-innspelinga, får vi ikkje vite. Søknaden som gjer at produksjonen kan få 50 millionar kroner i refusjon, inneheld mellom anna detaljar om handlinga i filmen, og er difor unntatt offentlegheit.
Borch kan likevel fortelje at ringverknadene for lokale bedrifter dreiar seg om at frå konteinarutleige og trafikkdirigering, til byggevarer og vaskeritenester.
NETT NO har tidlegare omtala korleis innspelinga.

Stor interesse for å filme i Norge

– Sett bort frå veret, så har det vore fantastisk, seier Borch om erfaringane dei har gjort seg med innspelingsperioda på Nordvestlandet.

– Vi er blitt godt mottekne og det er forståing for utfordringane vi jobbar med. Slikt gjer det lett å jobbe, seier han.
Han stadfestar at dei framleis filmar i Rauma, men spørsmål om kor Tom Cruise er for augneblinken eller når dei eigentleg skal vere ferdig – blir vennleg avvist, eller spøkt vekk.
Han legg heller ikkje skjul på at det er interesse frå Mission Impossible-produsenten om å komme tilbake til Norge, for å filme oppfølgjaren – men ingenting er avgjort.
– På generell basis er det veldig mange som vil komme til Norge - og kurven har gått bratt oppover de siste årene, fortel han.

Trur potensialet er langt større

Norske styresmakter har eit uttalt mål om å få fleire store filmproduksjonar hit til lands. Eit verkemiddel for å få til dette er filminsentivordninga, som i år hadde ein pott på 71 millionar kroner.
Borch trur potensiale for å få innspelinga av fleire storfilmar og tv-seriar til Norge, er langt større enn ordninga gir rom for med dagens budsjett.
– Den står ikkje i forhold til dei investeringane som kunne vore gjort i Norge gjennom slike produksjonar, meiner han.
Vestlandet og fjordane er framleis attraktivt, men Borch fortel at det for tida også er stor interesse for å filme i Nord-Norge.
– Det hadde vore fantastisk om vi kunne utnytta moglegheita til å få eksponert også den landsdelen, seier han.
(saka held fram under)

Les også:




Samstemt bransje vil ha endring

Korleis sjølve refusjonsordninga til film- og tv-produksjonar er utforma, er også ei utfordring for store internasjonale produksjonar, meiner Borch. Insentivordninga er søknadsbasert med ein årleg frist om hausten.

– Ein slik produksjon som Mission Impossible planlegg gjerne eitt, til halvanna år framover, og då blir det for usikkert, seier Borch.
Mange land har i staden ei støtteordning som er regelstyrt, slik at dei som passar kriteria automatisk får refundert delar av kostnadene. Filmbransjen har i høyringar om ordninga vore samstemt i at dei vil ha ei endring i den retninga.
Borch påpeiker også at filmselskapa får først må bruke pengane, og at eit revisorgodkjent rekneskap må ligge til grunn for refusjonen. Selskapa får ei ramme for refusjon til prosjektet – om dei kjem gjennom nålauget – og kostnadssprekkar blir ikkje dekka.
(saka held fram under)

Hurtigruten-saka:





Meir enn landskap avgjer location

Når eit filmselskap skal avgjere om dei vil legge produksjonen til ein stad, held det ikkje berre med flotte omgjevnader og serviceinnstilte lokale bedrifter.
– Kvart manus krev sitt, men logistikken avgjer også mykje. Kvar det hotell som har plass til 400 personar og korleis er det å få inn folk med fly er berre noko av det ein må vurdere, seier Borch.

– Ein god bonuseffekt

I tillegg til dei konkrete oppdraga lokale bedrifter får under innspelinga, er mange spent på marknadsføringseffekten av at Nordvestlandet blir eksponert saman med Tom Cruise.
– Eg trur at dette med reiseeffekt ikkje er like viktig, og at potensialet er større på forbruk. Men det er ein god bonuseffekt. Og jo meir produksjon – jo meir eksponering. Innovasjon Norge meiner dette er god marknadsføring, men dei kan ikkje kjøpe plass på ein verdsomspennande marknadsplass som får ei slik eksponering som denne filmen, seier Borch.

Les også:



62° Nord-sjefen:


Familiebedrift på Valderøya:


Vi er blitt godt mottekne og det er forståing for utfordringane vi jobbar med. Slikt gjer det lett å jobbe

Publisert: 26.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03