Bård Thorsen Økokrim prosedur mot Aurstad foto Ogne
SLUTTSTREK: Førstestatsadvokat Bård Thorsen i Økokrim var aktor i saka mot Cato Aurstad. Økokrim vann fram i retten, og no er dommen rettskraftig. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aurstad-dommen blir ståande

Høgsterett avviser anke. Både Cato Aurstad og Aurstad-konsernet er overraska og svært usamd.

11.02.2022

Tingretten dømte hovudaksjonæren i Aurstad-konsernet, Cato Aurstad, til eitt år og ni månaders fengsel for grovt kreditorsvik i samband med konkursen i det dåverande hovudselskapet i konsernet, K A Aurstad, i 2018.

Utgangspunktet for straffesaka var salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad.

Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen. Det var dommarane i tingretten samde i.

Avviser anke
Aurstad anka dommen frå tingretten, men anken vart avvist av Frostating lagmannrett.

Aurstad anka den avgjerda til Høgsterett, som sende saka attende til lagmannsretten for å få ein ny vurdering. Lagmannsretten sto på sitt også ved andre gangs vurdering og no har Høgsterett avgjort at den avgjerda blir ståande.

Dermed er dommen mot Aurstad rettskraftig.

- Eg er overraska over at saka ikkje får ein ny runde i lagmannsretten, seier Cato Aurstad sin forsvarar, Vegard Aaløkken

«Dommen viser at det er risiko for streng straff hvis man selger ut selskapets eiendeler til underpris tett oppunder en konkurs», seier førstestatsadvokat Bård Thorsen hos Økokrim i ei pressemelding.

Både Cato Aurstad og Aurstad-konsernet er svært usamd i dommen og overraska over at lagmannsretten ikkje ville behandle saka på nytt, seier konsernsjef Jo Stian Tverberg i ein uttale til NETT NO.

Publisert: 11.02.2022 12:19

Sist oppdatert: 11.02.2022 16:27

Mer om