Forsvararar Vegard Aaløkken Jan Erik Teigumm foto Ogne
MÅ FRIFINNAST: Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum la ned påstand om full frifinning for Cato Aurstad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Forsvaret: - Full frifinning for Aurstad

Argumenterte med at Cato Aurstad var overtydd om at K.A. Aurstad var liv laga, og at sal av omstridd maskinpark skjedde til forretningsmessige vilkår.

22.04.2021

Cato Aurstad må frifinnast fordi han var overtydd om at K.A. Aurstad var liv laga, og fordi salet av den omstridde maskinparken i oktober 2018 skjedde til forretningsmessige vilkår.

Det var argumenta i forsvararane sine prosedyrer torsdag i rettssaka etter K.A. Aurstad-konkursen.

Aktor Bård Thorsen frå Økokrim la i sin prosedyre tidlegare i dag ned påstand om to års fengsel for Aurstad.

Meiner maskinpark blei selt til underpris
Cato Aurstad er etter Økokrim sitt syn ansvarleg for at maskinparken til entreprenørselskapet K.A. Aurstad vart seld til kraftig underpris til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige i oktober 2018, omlag to månader før K.A.Aurstad gjekk konkurs.

Straffesaka har gått over sju dagar i Søre Sunnmøre Tingrett og torsdag er siste dag i retten. Cato Aurstad er største eigar og driftsansvarleg i Aurstad-konsernet. Han var óg styremedlem i K.A. Aurstad.

Aurstad sine forsvararar, Vegard Aaløkken og Jan Erik Teigum, delte prosedyren seg i mellom.

Aaløkken konsentrerte seg om prisen selskapet kom til at maskinparken skulle seljast for - 20 millionar kroner - saman med summen av dei einskilde verdivurderingane som selskapet hadde fått samla inn (37 millionar kroner).

Går det an å forsvare rabatten? Det kokar ned til det, sa forsvararen i sin del av prosedyren.

Aaløkken sin konklusjon var ja. Det handla mellom anna om ein transaksjon under tidspress, kjøp av ein samla pakke og ein leigetakar (K.A. Aurstad) med svak økonomi - som skulle leige utstyret tilbake, til ein billeg pris viste det seg i etterkant.

Tok ikkje avgjerda åleine
Aurstad tok heller ikkje avgjerda om å gjennomføre transaksjon på eiga hand. Det var semje i styret, som var godt informert og hadde arbeid tett med prosessen fram til salet.

Dessuten kom det ikkje innvendingar, korkje frå advokatar eller revisorar.

- Det var ikkje berre Cato Aurstad som meinte dette var den beste løysinga, sa Aaløkken.

Han hadde veldig mykje å tene på å berge dette selskapet, det er eit tungt poeng her
Vegard Aaløkken

Aaløkken oppmoda også retten om å hugse at Aurstad skal vurderast ut frå korleis han vurderte situasjonen der og då, ikkje i etterkant.

Å tappe K.A.Aurstad for verdiar, og styre mot ein konkurs var heller ikkje i Cato Aurstad si interesse. Tvert imot, ifølgje Aaløkken.

- Han hadde veldig mykje å tene på å berge dette selskapet, det er eit tungt poeng her, sa Aaløkken.

Potensiale
Motivet Aurstad hadde for å halde K.A. Aurstad gåande, var mellom anna sjansen til å inndrive fakturerte, og ikke fakturerte krav for oppdrag selskapet var i gang med, eller hadde gjort ferdig.

- Paradokset er at Cato Aurstad er den store taparen, sa Aaløkken.

Jan Erik Teigum konsenterte seg om den økonomiske situasjonen til K.A. Aurstad på det tidspunktet transaksjonen skjedde. Han viste mellom anna til at selskapet vurderte det slik at uteståande og enno ikke fakturerte krav, gjorde at selskapet hadde ein reell positiv eigenkapital.

Eg meiner selskapet hadde realistiske forventningar til å kome seg over kneika då transaksjonen skjedde
Jan Erik Teigum

Det den måtte ha, var likviditet, og det fekk den gjennom eit lån på 18 millionar kroner frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Aurstad Maskinutleige.

Opphavleg var spørsmålet til banken om den kunne gitt eit låjn til K.A. Aurstad, men det ville den ikkje. Dermot takka den ja til å låne pengar til Aurstad Maskinutleige.

Realistiske forventningar
- Eg meiner selskapet hadde realistiske forventningar til å kome seg over kneika då transaksjonen skjedde, sa Teigum i prosedyren.

Aurstad har ikkje handla med fortsett for å tappe K.A. Aurstad for verdiar ifølgje Teigum. Han har heller ikkje handla grovt uaktsomt, og må frifinnast, meiner forsvararen.

Om retten likevel skulle finne han skuldig er det feil å berekne straffa ut frå Økokrim si vurdering om ein underpris på 20 millionar kroner, ifølgje Teigum. Summen må bereknast ut frå verdivurderinga K.A.Aurstad sjølv fekk henta inn, fråtrekt salskostnadane, og då blir det i realiterten ingen differanse.

Teigum sa og at kreditorane i K.A. Aurstad i realiteten har tent på transaksjonen. Den gav pengar i kassa og held selskapet i live i to månader - ein periode der kassakreditten blei redusert frå omlag 100 til 72 millionar kroner.

Publisert: 22.04.2021 16:02

Sist oppdatert: 03.01.2022 10:50

Mer om