Jo Stian Tverberg foto Ogne
KUNNE BERGAST: Aurstad-sjef Jo Stian Tverberg meiner i følgje si forklaring i retten i dag framleis at entreprenørselskapet K.A.Aurstad ville klare seg gjennom krisa dersom DNB ville vore med og finansiert selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aurstad-sjefen: K.A.Aurstad hadde ikkje noko val

Lånetilbodet frå DNB tidleg på hausten 2018 var så dårleg at K.A. Aurstad ikkje hadde noko anna val enn å gå til andre, ifølgje Aurstad-sjef Jo Stian Tverberg

20.04.2021

Entreprenørselskapet K.A. Aurstad takka nei til å låne 10 millionar kroner for DNB i bytte mot at banken skulle få meir pant. Det var etter selskapet si vurdering for lite pengar og til vilkår som ville vere til ugunst for andre kreditorar, etter K.A. Aurstad-styret si vurdering.

I staden vende selskapet seg til Sparebank1 Søre Sunnmøre, som lånte ut 18 millionar kroner for å finansiere søsterselskapet Aurstad Maskinutleige sitt kjøp av maskinparken til K.A. Aurstad for 20 millionar kroner.

Det var ein kraftig underpris og ein handel som gjekk ut over kreditorane, som hovudaksjonær og driftsansvareleg Cato Aurstad er ansvarleg for, meiner Økokrim. Det er grunnlaget for at Økokrim har reist straffesak mot han, etter at K.A. Aurstad gjekk konkurs 6. desember 2018. Rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett starta i førre veke og blir ferdig denne veka.

- Når ein har diskutert det lenge og inngåande med DNB så opplever ein at en må ta andre grep, sa administrerande direktør Jo Stian Tverberg i si forklaring i retten i dag, om kvifor banken gjekk til Sparebank1 Søre Sunnmøre. Tverberg byrja som administrerande direktør i Aurstad-konsernet i mars 2018.

Tverberg forsvara og verdsetjinga av maskinparken, og sa at den både var diskutert og godkjent av eit samla styre, basert på råd frå advokatar og etter diskusjon med revisor.

Kunne kome tilbake
Trass i at banken gjennomførte salet av maskinparken tidleg i oktober 2018 utan på informere DNB først meinte Tverberg at det ville vere råd for å å tilby seg å tre inn i avtalen med Sparebank1 Søre Sunnmøre, ifølgje hans forklaring i retten. Det ville i så fall blitt vurdert.

Tverberg meinte og at DNB var invitert til å kome tilbake med eit tilbod om finansiering, men ikkje i klart tale.

- I vår dialog med banken har vi gitt indirekte invitasjon, sa han i si forklaring.

Motivet for salet var maskinparken var å skaffe K.A. Aurstad pengar skulle vere med og hjelpe selskapet til på kome seg gjennom krisa selskapet var i etter store tap på byggeprosjekt, først og fremst eit oppdrag to AF Gruppen på ei strekning av E6 i Trøndelag. I retten sa Tverberg har han framleis meiner selskapet kunne greidd seg om DNB ville vere med og finansiert selskapet.

Avviste dårleg samarbeid
Under rettsaka mot Cato Aurstad har bustyrar Håvard Wiker karakterisert samarbeidet med Aurstadkonsernet som dårleg, og peika spesielt på Jo Stian Tverberg.

Det er er ei dramatisk annaleis oppfatning enn slik Tverberg oppfatta det, ifølgje Tverberg. Han karakteriserte sin handlemåte som ryddig og profesjonell.

Samstundes var spesielt andre dag etter konkursopning utfordrande. Då varsla buet at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde rettsvern for maskinene som var kjøpt og buet tok beslag i maksinparken. Dermed sto også Aurstad Maskinutleige og ei anna søsterselskap, driftselskapet Aurstad Tunnel, i fare. (Dei er i dag høvesvis eit maskinutleige og driftselskap i Aurstad-konsernet).

-Stemninga ute blant dei tilsette blei nokså amper, sa Tverberg.

Det enda med eit forlik, der Aurstad Maskinutleige kjøpte omlag ein fjerdepart av maskinparken for 9,5 millionar kroner.

- Det var "take it or leave it", sa Tverberg om tilbodet i forliket.

Publisert: 20.04.2021 17:02

Sist oppdatert: 20.04.2021 17:18

Mer om