Bård Thorsen Økokrim prosedur mot Aurstad foto Ogne
TO ÅR: Bård Thorsen, førstestatsadvokat i Økokrim, meiner Cato Aurstad handla med forsett, til ugunst for kreditorane då maskinparken til K.A.Aurstad vart seld til eit søsterselskap. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Påstand om to års fengsel for Cato Aurstad

Cato Aurstad fall for freistinga til å prioritere eigarinteressene i staden for kreditorinteressene, meiner Økokrim.

22.04.2021

Aktor, førstestatsadvokat Bård Thorsen la ned påstand om to års utbetinga fengsel for Cato Aurstad i sin prosedyre i dag.

Cato Aurstad er tiltalt for "å ha foretatt en uforsvarlig handling som var egnet til å hindre at et formuesgode kunne tjene til dekning for en eller flere fordringshavere". Cato Aurstad er hovudeigar og driftsansvarleg i Aurstadkonsernet, og var også styremedlem i K.A.Aurstad ved konkursen.

Almenpreventive omsyn, at beløpet det er snakk om på minst 20 millionar kroner, og at Aurstad handla illojalt er skjerpande omstende. At perioden der han handla med fortsett var kortvarig, rett før og under transaksjonen er formildande, ifølgje aktor.

Handlinga det handlar om er salet av maskinparken til K.A.Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige til 20 millionar kroner to månadar før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018. Det var eit sal langt under marknadspris, og var ein transaksjon som gjekk ut over kreditorane, meiner Økokrim.

Entreprenørselskapet K.A. Aurstad hadde over 200 tilsette ved konkursen, og var det største selskapet i Aurstad-konsernet.

Svikta
Etterkvart som den økonomiske situasjonen for K.A. Aurstad forverra seg utover 2018 svikta Cato Aurstad i følgje aktor sin prosedyre.

Aktor la til grunn at det var eit oppriktig ønske om å redde selskapet (K.A.Aurstad), men at det samstundes vart handla til ugunst for kreditorane. Der svikta Cato Aurstad i følgje aktor.

- Vi ser tydeleg av at det begynner å manifestere seg eit ønske om å løfte ut denne maskinparken til ein gunstig pris, for å begynne å posisjonere seg for konkurs, sa aktor.

Insolvent
K.A. Aurstad sto ikke berre i fare for å vere insolvent (ha større gjeld og verdiar og mangle midlar for å gjere opp for seg), men var faktisk insolvent då salet av maskinparken skjedde i starten av oktober 2018 i følgje aktors prosedyre.

Aktor viste mellom anna til burevisors beretning, og avviste argumentet som Cato Aurstad kom med i si forklaring i rettsaka, om at K.A. Aurstad hadde meirverdiar i krav mot kundar og i leasingkontraktar.

- Det er ikkje meirverdiar som kunne vore rekna med, sa aktor.

Han peika og på at selskapet var 100 prosent avhengig av å kome til semje med hovudlångivare DNB, fordi selskapet hadde ein ekstra kassakreditt på 25 millionar kroner, som ville forfalle til betaling ved årskiftet 2018/2019.

I følgje aktor kan det ikkje påvisast at Cato Aurstad visste at selskapet var insolvent då handelen skjedde, men at forklaringar og dokument framlagt i retten viser at han visste i alle fall at det var fare for insolvens.

Underpris og forsett
I følgje aktor må retten samanlikne kva maskinparken vart seld for på auksjon i regi av konkursbuet og samanlikne det med dei 20 millionane som K.A.Aurstad selde maskinparken for til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige.

Buet tok beslag i maskinparken etter konkursen, og grunngav det med at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for kjøpet. 22. desember 2018 vart det inngått eit forlik, der Aurstad Maskinutleige overtok omlag ein fjerdepart av maskinparken for 9,5 millionar kroner.

Resten vart seld på auksjon, og ifølgje aktor vart det oppnådd over dobbel pris av det K.A.Aurstad selde for til søsterselskapet. Verdivurderingane K.A. Aurstad fekk henta inn før salet gav ein samla verdi på 37 millionar kroner, før det deretter vart gitt ein rabatt grunngjeve frå selskapet si side med at heile maskinparken var mindre verdt som ein samla pakke.

Aktor meiner Aurstad handla med forsett.

- Tiltalte var inneforstått med at det vart overført meirverdiar ved denne transaksjonen, sa aktor.

Om sjølve salet kunne vere forretningsmessig grunngjeve var det ingen forretningsmessig grunn for K.A. Aurstad til å selje til underpris, ifølgje aktor.

- Måten denne transaksjonen gjennomføre på den er ikkje eigne til å ta ned risiko for kreditorane, sa han.

Han sa og K.A. Aurstad, ved å ikkje informere hovudlångivar DNB før etter transaksjonen, ruinerte sjansen til å finne ei løysing med DNB.

Øydela for vidare drift
K.A.Aurstad hadde alternativ til å selje til Aurstad Maskinutleige for 20 millionar kroner, ifølgje aktor:

Maskinene kunne blitt seld utan rabatt, dei kunne blitt seld med selgarkreditt og ein kunne forhandla vidare med DNB. Eventuelt kunne det og vurderast å gå inn med eigenkapital og/eller å realisere verdiar som låg i leasingkontakter.

Å selge maskinparken utan å orientere DNB først gjorde banken usikker. At eigarane heller ikkje ville gå inn med meir eigenkapital i K.A.Aurstad slo og negativt ut.

-Transaksjonen bidrog til å øydelegge for selskapet sine utsikter til vidare drift, sa aktor.

Var klar over risiko
Cato Aurstad var klar over at prisen var uforsvarleg og var advart mot risiko både for at prissvurderingna kunne vere for lav og for at det var risikabelt å gjennomføre salet utan å informere DNB først.

Alvoret i den økonomiske situasjonen vart dessutan underkommunisert til revisor, ifølgje aktor. Informasjon om korleis verdivurderinga vart gjort vart også underslått for revisor.

Revisor vart også betrygga av at det var ein seriøst advokatfirma inne som rådgivar (DLA Piper). Aktor viste i si prosedyre til ein epost frå advokatfirmaet der det vart presisert at prisen måtte kunne forsvarast.

Cato Aurstad var den i selskapet som kjente alle deler av prosessen best, ifølgje aktor.

Publisert: 22.04.2021 12:18

Sist oppdatert: 04.05.2021 14:04

Mer om