Signering sandesamband foto mrfylke
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Aurstad signerte ferjekontrakt

Skal bygge og restaurere ferjekaier på sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy.

Linn Antonie Vårdal Solheim
28.06.2023

Entreprenøren Aurstad Tunnel AS frå Ørsta vann anbodet med oppgradering av dei fire kaianlegga Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding onsdag føremiddag.

Oppdraget har ein totalverdi på 175 millionar kroner eks. mva.

I dårleg forfatning
- Vi er glade for at vi har kome så langt. Det har vore utfordringar i planleggingsfasen, og kontraktsigneringa viser at vi er på rett veg, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Rune Paulsen.

Kaiene er i dårleg forfatning og skal utbetrast, i tillegg til at det kjem større ferje på sambandet frå 2025. Då må kaiene forlengast.

- Det er spanande å jobbe med ein ny entreprenør på ferjekai, så dette ser vi fram til, seier Paulsen.

Ferjesambandet skal gå som normalt under ombygginga så langt det let seg gjer. På Voksa blir det bygd ei mellombels kai medan den gamle kaia rivast for å bygge heilt ny kai. Arbeidet er ikkje like omfattande på resten av sambandet, men det blir alternative løysingar for trafikk. Under arbeid med Larsnes ferjekai blir det omlegging av ferjeruta der Årvika blir anløpsstad.

Ser fram til godt samarbeid
Prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol, fortel at han ser fram til å samarbeide med Aurstad Tunnel.

- Dette er eit viktig prosjekt for fylkeskommunen, og vi kjenner entreprenør godt frå andre prosjekt og har gode erfaringer med dei, seier han.

Aurstad Tunnel AS synest det er stas å ha dratt i land prosjektet med ferjekaiene, som er eit stort oppdrag.

- Det er fint for oss å få ei kontrakt av lang varigheit, seier entreprenøren sin prosjektleiar, Pål Are Vadstein.

- Det gjer ting føreseielege fram i tid.

At det er mange forskjellege fagfelt i prosjektet set han også pris på, og meiner det blir ei spanande og bra utfordring. Byggetida blir om lag 1,5 år til saman og startar i august 2024. Arbeidet med mellombels kai på Voksa fullførast i desse dagar slik at prosjektet kan starte som planlagt.

Publisert: 28.06.2023 10:41

Sist oppdatert: 28.06.2023 10:50

Mer om