Stad skipstunnel utsiktspunkt illustrasjon kystverket snøhetta 11
PÅ VENT: Regjeringa sette Stad skipstunnel på vent tidlegare i år fordi dei ville at Kystverket skulle gå gjennom kostnadene. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta
Nytt

Lokale bedrifter ventar vekst av skipstunnel

Spørjeundersøking tyder på betydelege ringverknader om Stad skipstunnel blir bygd.

Marius Rosbach
30.08.2023

Ein rapport frå forprosjektet til «Ringverknader knytt til Stad skipstunnel» viser at lokalt næringsliv og kommunar ventar betydeleg effekt av ei utbygging.

Som kjent har regjeringa bygging av Stad skipstunnel til vurdering i samband med neste års statsbudsjett.

Stortinget har allereie gitt grønt lys, men risikoen for at prislappen vil auke betydeleg, gjer at kostnadsramma må aukast om prosjektet skal settast i gong for alvor.

I forkant av avgjersla kom onsdag med sin rapport som har undersøkt kva for ringverknader bedrifter frå Ålesund til Florø ventar seg.

Tre av fire ventar positiv effekt
Undersøkinga viser at drygt 72 prosent meiner bygging av Stad skipstunnel vil gi positive ringverknader for deira bedrift. Svært få av bedriftene svarar nei – medan knappe 22 prosent fortel at dei ikkje veit.

Bedriftene viser til auka omsetjing, fleire arbeidsplassar, auka innovasjon, høgare eksport og meir samarbeid langs kysten som positive effektar dei ventar som følgje av skipstunnelen.

Undersøkinga vart sendt ut til fleire enn 300 bedrifter og 156 av desse svarte.

Ventar inntektsaukar mellom 100.000 og 2,8 mrd.
Sjølv om Stad skipstunnel er utgreia ein rekke gonger, er det fleire usikre faktorar om konsekvensane. I dei maritime næringane er det peika på at ein skipstunnel mellom anna vil spare dei for ventetid ved dårleg ver og gi tryggare seglas.

Les heile rapporten (ekstern lenke)

Fordelane med spart seglingstid og mindre forbruk av drivstoff er undersøkt i nokon grad i tidlegare rapporter, medan effektane av eit oppsving i reiselivet aldri er rekna inn i samfunnsnytten for prosjektet.

Heller ikkje rapporten frå styringsgruppa talfester slike ringverknader. Ein peikepinn er svaret frå dei ulike bedriftene om kor mykje dei ventar i auka omsetning: Beløpa varierer frå 100.000 til 2,8 milliardar kroner.

Trur på betre samhandling
Fleire av aktørane som har svart på undersøkinga meiner det er eit stort potensiale i å betre kommunikasjonen i regionen.

Ein skipstunnel vil lete samhandlinga langs kysten og truleg føre til at det blir etablert ei hurtigbåtrute Ålesund-Bergen.

Det blir også peika på betre moglegheiter for meir transport av gods til sjøs – ei utvikling som har gått i feil retning dei siste åra.

Kan bli utvikla nye næringsområde
Ein rekke nye næringsområde er under planlegging der ein ser føre seg å bruke steinmassane frå tunnelen.

Berre i Stad kommune er det ni område under planlegging. Mellom anna har industriklynga på Raudeberg behov for nytt areal og kaianlegg, som dei meiner vil utløyse 250 nye arbeidsplassar.

I Vanylven er det planar om å utvide, eller lage nye næringsareal på Fiskåholmen, Småstranda og Breivika, og i tillegg har Mowi areal som kan ta i mot tunnelmasse på Sighaug.

Publisert: 30.08.2023 13:18

Sist oppdatert: 30.08.2023 13:22

Mer om