Aurstad står stødigare på fleire bein
Nær dobla overskot og solid ordrebok trass nedgang i bygg- og anlegg.
Aurstad Tunnel står sterkare enn nokon gong, sjølv om aktiviteten i bygg- og anleggsbransjen har fått ein brems over store delar av landet.
Det fortel administrerande direktør Jo Stian Tverberg til Nett No.
– Vi har ei normal og fin ordrereserve, slik vi har hatt dei siste åra. Vi har oppdrag både lokalt, regionalt og litt nasjonalt, seier han.
I dag gjer vi langt meir varierte oppdrag innan fleire fagdisiplinar
– Langt meir varierte oppdrag
Årsaka til den komfortable situasjonen er at Ørsta-bedrifta er blitt langt meir enn ein tradisjonell entreprenørverksemd. Det gir fleire bein å stå på – og god aktivitet sjølv om éin marknad skulle svikte.
– Tidlegare var det bygging av veg- og anlegg som var kjerneverksemda. I dag gjer vi langt meir varierte oppdrag innan fleire fagdisiplinar. Vi lagar både konstruksjonar i stål og betong, tekniske løysingar og røyrarbeid, fortel Tverberg.
Kraftindustrien og tunnelrehabilitering er marknader som har vekse dei siste åra. For augneblinken jobbar dei også med å bygge fire ferjekaier på Kvamsøya, Voksa, Åram og Larsnes, eit betydeleg oppdrag for kring 180 millionar.
– Vi gjer også større delar av jobben sjølve, og jobbar eigentleg med all generell infrastruktur, legg Aurstad-sjefen til.
Rekordomsetning og betra lønnsemd
Ørsta-bedrifta la bak seg eit rekordår i fjor med den høgaste omsetninga nokon gong, og betre lønnsemd enn året før.
Overskotet blei om lag dobla samanlikna med 2022. Resultat før skatt vart 37,5 millionar (sjå tabell under).
Etter at 2022 baud på kostnadsauke som gjekk utover lønnsemda, kom situasjonen «meir under kontroll» i 2023, fortalde Tverberg til Nett No då.
I dag fortel han at selskapet framleis er i ein «fin situasjon». Om det blir ny omsetningsvekst i år, er han meir usikker på.
– Vi har ei positiv utvikling med nye inngåtte kontraktar, seier Tverberg.
Aurstad As (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 448,5 | 344,6 |
Driftsresultat | 36,6 | 17,1 |
Resultat før skatt | 37,5 | 19,1 |
Første kontrakt på milliardanlegg
Seinast førre veke blei det kjent at selskapet sikra seg ei kontrakt på i underkant av 30 millionar ved det nye reinseanlegget på Kongshaugen i Sula.
Her skal Aurstad bygge fortau og klargjere tomta. Tverberg legg ikkje skjul på at dei gjerne vil sikre seg fleire av dei komande kontraktane som kjem i samband med bygginga av milliardprosjektet.
Aktiviteten gjer at selskapet også har auka staben i løpet av det siste året, og teller no 125 tilsette.
Publisert: 06.05.2024 05:00
Sist oppdatert: 08.05.2024 19:52