Aurvoll og furesund foto Aurvoll og Furesund
PRESS PÅ MARGINANE: Maskinentreprenør Aurvoll og Furesund ventar ein ganske krevande marknad framover. Foto: Aurvoll og Furesund
Nytt

Aurvoll og Furesund merkar tøffare tider

Auka konkurransen og høgare kostnadar tærar på lønsemda.

24.05.2024

"Den markedsmessige utviklingen i 2024 og fremover er ganske krevende" skriv maskinentreprenøren Aurvoll og Furesund i Herøy i årsmeldinga si.

Den fortel at det blei tøffare også i 2023, med redusert lønsemd og inntekt - og at selskapet ventar ei resultatgrad i 2024 på nivå med 2023(sjå tabell under).

Ordreinngangen er god, skriv selskapet i årsmeldinga, men marginane er under press på grunn av kostnadsauke hos leverandørane og stor konkurranse.

Storsatsing i Dragsund
Aurvoll og Furesund er i førarsetet i eit samabeid med Lars Løseth i eigedomselskapet Alti Forvaltning og Herøy kommune om eit stor utbygging i Dragsund, som vil gå over mange år.

Prosjektet vart lansert i fjor. Planen er å utvikle eit kommunedelsenter som både omfattar bustadar, service og næringsbygg. I første omgang skal kommune fornye kommunedelplanen for området, deretter skal Aurvoll & Furesund utarbeide reguleringsplan for området.

Aurvoll og Furesund As

Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt91,4102,6
Driftsresultat1,87,5
Resultat før skatt1,37,4

Kjøpt ut
I 2022 vart Birger Furesund kjøpt ut av selskapet.

Ved årskiftet hadde selskapet fire aksjonærar, dagleg leiar Eivind Lars Berge, Erik Aurvoll og Elisabeth Aurvoll, i tillegg til selskapet Aurvoll Gruppen, der dei tre og to tilsette er medeigarar.

Publisert: 24.05.2024 15:23

Sist oppdatert: 30.05.2024 22:21

Mer om