Nye dragsund illustrasjon
SLIK KAN DET BLI: Eksisterande bygg i Dragsund området i forgrunnen nede til høgre, med skisse for korleis området på sørssida av vegen kan blir bygd ut: Illustrasjon: Aurvoll & Furesund/Alti Forvaltning
Nytt

Kjøpesenterinvestor og entreprenør satsar stort i Dragsund

Kan bygge ut 215.000 kvadrameter. – No skal vi sette oss ned og kna dette prosjektet saman.

13.09.2023

Entreprenørselskapet Aurvoll & Furesund går i kompaniskap med Lars Løseth i eigedomselskapet Alti Forvaltning og Herøy kommune.

Dei tre samarbeidspartnarane lanserte onsdag planane om det som kan bli ein kommunedelsenter i Dragsund, på sørsida av vegen ved handels- og næringsområdet som allereie er etablert på nordsida av vegen i dag.

Nytt kommunedelsenter
Her møtes vegane frå ytre deler av Herøy, frå Sande/Vanylven, frå Ørsta/Volda og Ulstein/Hareid.

Planen er å utvikle eit kommunedelsenter som både omfattar bustadar, service og næringsbygg. I første omgang skal kommune fornye kommunedelplanen for området, deretter skal Aurvoll & Furesund utarbeide reguleringsplan for området.

Avtaler med grunneigarane
Det er Aurvoll & Furesund som og eig prosjektet, og har alliert seg med Alti Forvaltning for å utvikle området.

Prosjektleiar Kay-Terje Myklebust i Aurvoll & Furesund seier selskapet har avtalar med alle grunneigarane om å kjøpe arealet som skal byggast ut.

Ifølgje Myklebust er det for tidleg å seie noko om tidsplanen, kor stor investering det er snakk om - og om Aurvoll & Furesund vil ta inn andre investorar i prosjektet.

– No skal vi sette oss ned og kna dette prosjektet saman med Alti, seier han.

Kan bli investor
Ein av dei som eventuelt kan bli med på eigarsida er Alti Forvaltning.

– Vi er med på utviklingssida og skal bistå der. Og så kan det vere at vi kjem inn på investorsida, men først må vi finne ut om det går an å løyse prosjektet, seier Lars Løseth.

Løseth er grunnleggar og medeigar av Alti Forvaltning-konsernet i Surnadal, som i dag har 120 eigedomar på tilsaman 950.000 kvadratmeter og driv 44 kjøpesenter.

Publisert: 13.09.2023 15:15

Sist oppdatert: 13.09.2023 22:23

Mer om