Stad skipstunnel illustrasjons kystverket 5
GRØNT LYS: Grunnerverva kring Stad skipstunnel blei stoppa grunna politisk usikkerheit. No har Kystverket fått grønt lys til å halde fram arbeidet. Illustrasjon: Kystverket
Nytt

Grønt lys for grunnerverv til skipstunnelen

Kan unngå forsinking av rettssaker. Men mykje vatn i fjellet og dumparbruk kan skape krøll.

Marius Rosbach
20.12.2023

Kystverket har fått grønt lys frå politisk hald til å gå vidare med dei pågåande grunnerverva til Stad skipstunnel.

Det fortel prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket til NETT NO.

– Når det gjeld nye erverv, skal vi forsøke komme til ei minneleg løysing og avtale med grunneigarane, seier Skjeppestad.

Styringsgruppa for Stad skipstunnel er mellom dei som har vore uroa for at grunnervervet kring samferdselsprosjektet ville stoppe opp i påvente av rettssaker.

– Eg trur det løyser seg, seier prosjektleiaren no.

– Samtidig må eg ta noko forbehald, då sjølve oppdragsbrevet frå regjeringa ikkje har kome enno, legg han til.

Planlagt ny rettssak mai 2024
Politisk usikkerheit kring prosjektet, er årsaka til at grunnervervet blei sett på vent. NETT NO har tidlegare fortald at grunneigarane har ønska fortgang i prosessen.

Tre av fire grunneigarar har sett seg i mot at prosessen blei stoppa, og bad om at skjønnsforhandlingane kring eigedomane fekk halde fram.

Dei har to gonger fått ei avgjerd i Sogn og Fjordane tingrett mot seg i dette synet. Saka er anka til lagmannsretten - som begge gonger har oppheva avgjerda frå tingretten.

Per no er det planlagt ny rettssak i Sogn og Fjordane tingrett 13. til 16. mai neste år.

Stad skipstunnel kjødepollen innfelt terje skjeppestad foto Pål Are Lilleheim Kystverket 11
PROSJEKTLEIAR: Terje Skeppestad i Kystverket leiar arbeidet med å bygge Stad skipstunnel. Det er venta at prosjektet skal ut på anbod i løpet av første halvår 2024. Foto: Pål Are Lilleheim/Kystverket .

Har støtt på mykje vatn
Mykje vatn i fjellet har vist seg å bli ei ny utfordring for kjerneboringa.

Til no har entreprenøren bora seg kring 520 meter inn i fjellet. Prosjektleiaren fortel at dei gjerne skulle ha vore litt lengre per no, og at dei har støtt på mykje vatn undervegs. Det må tettast, før dei kan bore vidare.

– Vi veit at det er ein del vatn på toppen av fjellet, og vi er litt spent på kva resultata vil vise om vi klarar å bore langt nok inn i fjellet, fortel Skjeppestad - og anslår at dei bør kring 650 til 700 meter inn i fjellet.

Per no er planen å halde fram med kjerneboringa til uti januar, og ta ei ny vurdering då. Til saman er tunnelløpet 1700 meter langt og tidlegare er det bora kring 700 meter inn i fjellet frå Moldefjorden.

Med andre ord er det framleis kring 500 meter att å kartlegge for å vere meir sikre på samansetninga av fjellet.

Kjerneboring stad skipstunnel 2023 foto kystverket 11
KJERNEBORING: Kystverket har hyra inn ein entreprenør til å gjer ei ny runde med kjerneboring frå Kjøde-sida av skipstunnelen. Bilde viser boreriggen i overkant av fylkesvegen. Foto: Kystverket

Truleg ut med anbod til sommaren
Skjeppestad påpeikar at målet framleis er å lyse ut konkurransegrunnlaget for storprosjektet neste sommar.

– Vi er så godt som ferdige frå vår side, også må vi vente litt på reguleringsplanen. Men vi håpar å lukke alle våre aktivitetar i løpet av første halvår 2024, seier kystverket sin prosjektleiar.

Lokalt næringsliv og kommunar ventar betydeleg effekt av ei utbygging. Men eit endeleg klarsignal om byggestart, er framleis avhengig av at anboda som kjem inn, ikkje sprenger kostnadsramma på kring fem milliardar.

– Dette er eit prosjekt der vi i høgste grad er nøydd til vurdere kostnadane nøye, seier Skjeppestad.

Strid om dumparbruk
Eit forsøk på å redusere kostnadene, er å bruke store dumparar til å frakte massar frå tunnelen på fylkesvegane i området.

– Dette vil både redusere tida vi belastar fylkesvegane, og kostnadene. Samtidig er formålet nye næringsareal og framtidige arbeidsplassar for Stad kommune, opplyser Skjeppestad.

Innstillinga frå administrasjonen i Vestland fylkeskommune har vore negativ, men saka er ikkje avgjort. Prosjektleiaren ser ikkje vekk frå at spørsmålet vil bli teke opp til politisk behandling.

Striden står om fylkesvegane toler belastninga av anleggskøyretøy på opptil 100 tonn og eit akseltrykk på 25–35 tonn.

Målingar av bereevna til vegen viser at den ikkje er eigna til slik transport. Fylkesadministrasjonen meiner det bør leggjast opp til bruk av eigne anleggsvegar, og peikar også på transport på lekter som eit alternativ.

Publisert: 20.12.2023 11:16

Sist oppdatert: 20.12.2023 11:16

Mer om