Bent martini dåp i herøy foto Ogne
ALLE SKIP I DRIFT: Frå september i år har Havila Kystruten-sjef Bent Martini hatt alle fire skipa i selskapet i full drift. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Stort minus, spår opptur

Kystruten ventar å selge 80 prosent av lugarkapasiteten neste år.

01.12.2023

September i år blei den første månaden der Havila Kystruten hadde alle fire skip i drift, etter ei lang og vond rekke med forseinkinga og fordyringar..

Opphavleg skulle alle dei fire skipa vere i drift frå 2021, og trafikkere gods- og passasjeruta mellom Bergen og Kirkenes saman med konkurrenten Hurtigruten.

Trass i full drift i berre ein månad i tredje kvartal fekk selskapet ein beleggsprosent på 70 prosent i 3.kvartal samla sett. Gjennomsnittsleg vart lugarane utleigd for 4466 kroner, skriv selskapet i kvartalsrapporten per 3. kvartal 2023.

Les børsmelding her

Ingen ekstraordinære kostnadar
Neste år reknar selskapet med å ha eitt gjennomsnittsbelegg på 80 prosent, og "normalisert drift av fire skip fremover, uten ekstraordinære kostnader", ifølgje kvartalsrapporten. 45 prosent av belegget neste år er i all hovudsak allereie seld, ifølgje selskapet.

I tredje kvartal gjekk Havila Kystruten med nesten 300 millionar kroner i underskot før skatt, og hittil i år har underskotet passert 600 millionar kroner. (Sjå tabell under)

Ifølgje selskapet er "driftskostnadene påvirket av ekstraordinære kostnader knyttet til juridiske og finansielle rådgivere" i samband med refinansieringa for å fri seg frå banda til russiske långivarar. Kor store desse kostnadane er ikkje talfesta.

Havila Kystruten hadde netto finanskostnadar på 382 millionar kroner i årets ni første månadar.

Kursfall
Selskapet la fram kvartalsrapporten sin etter at børshandelen var over for i dag. Ved børsslutt var aksjekursen 0,86 kroner aksjen, ned 2,48 prosent frå dagen før. Dagens kurs verdset Havila Kystruten til 740 millionar kroner.

Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021 og nådde toppnotering på 25 kroner aksjen like etter.

Havila Holding eig 59,69 prosent av aksjane i Havila Kystruten.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Havila Kystruten as
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt514,8134,4
Driftsresultat-229,8-34,6
Resultat før skatt-612,7-109,5
Havila Kystruten as
3. kvartal. I mill. kroner2023
Driftsinntekt226,1
Driftsresultat-71,0
Resultat før skatt-297,1
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Purus 9,46 7,38 %
Atlantic Sapphire 1,26 6,94 %
Endúr 40,90 5,68 %
Hofseth Biocare 2,80 2,56 %
Hexagon Composites 26,40 2,01 %
Eqva 3,25 1,56 %
Norva 24 Group* 22,95 1,32 %
Salmon Evolution 6,19 1,14 %
Sparebanken Møre 76,40 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,25 -0,95 %
Havila Shipping 6,15 -1,28 %
Hav Group 9,60 -2,04 %
Havila Kystruten 0,86 -2,48 %
Statt Torsk 0,79 -3,17 %
Arctic Bioscience 9,00 -10,00 %
* Kurs i SEK

Publisert: 01.12.2023 19:05

Sist oppdatert: 01.12.2023 21:18

Mer om