Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,6 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Eqva-opptur

Eit selskap som snart tek farvel med Nordvestlandet blei dagens vinnar på børsen.

12.12.2023

Eqva - tidlegare Havyard Group - har stige 40 prosent sidan starten av november.

7. november i år var aksjekursen i Eqva 2,47 kroner. I dag var kursen 3,47 kroner, etter ein oppgang på 5,15 prosent. Bortsett frå ei kort periode i februar/mars er det den høgaste kursen så langt i år.

Eqva har gjort fleire endringar i løpet av andre halvår, som aksjekursutviklinga tyder på har falle i smak hos investorane.

Mellom anna er verftet Havyard Leirvik ved Sognefjorden seld til Tersan Shipyard og eit nytt større oppkjøp, av LOS Gruppa i Sunnhordland annonsert. Det siste vil inngå i ein transakasjon der Eqva skil ut og børsnoterer eit datterselskap innan 12-18 månadar. Og hovudkontoret skal flyttast frå Fosnavåg til Kvinnherad, med både aksjonærane og storparten av verksemda til selskapet i nærleiken.

Selskapet er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester og byggjer og driv småkraftverk gjennom Fossberg Kraft.

Børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,47 5,15 %
Norva 24 Group* 23,25 3,56 %
Hav Group 9,80 3,16 %
Atlantic Sapphire 1,39 2,96 %
Statt Torsk 0,80 2,31 %
Salmon Evolution 6,28 2,28 %
Hexagon Composites 25,40 1,28 %
Hofseth Biocare 2,70 0,00 %
Arctic Bioscience 9,00 0,00 %
Hexagon Purus 9,34 -0,32 %
Havila Shipping 5,11 -0,78 %
Sparebanken Møre 78,10 -0,89 %
Endúr 39,00 -1,02 %
Havila Kystruten 0,85 -1,40 %
Golden Energy Offshore Services 1,15 -2,38 %
* Kurs i SEK

Publisert: 12.12.2023 17:07

Sist oppdatert: 12.12.2023 17:09