Kutt rammer ikke A Alesund kontor 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
BERRE BEDRIFTER: Danske Bank vil ut av privatkundemarknaden i Noreg.
Nytt

Børsdagen: Danske Bank skal auke i Ålesund

Vil selje seg ut av privatkundemarknaden, men i Ålesund skal det bli fleire tilsette.

07.06.2023

I Ålesund har Danske Bank åtte tilsette. Innan 2023 er omme skal det vere fleire, seier leiar for bedriftsmarknaden til Danske Bank-kontoret i Ålesund, Thomas Jarnes Dyb.

Det er auka satsing på bedriftsmarknaden som gjer at Ålesund-kontoret vil oppbemanne.

Onsdag varsla Danske Bank at den vil selje privatkundeverksemda si.

For kontoret i Ålesund - som dekkjer Nordvestlandet - får det ikke så stor betydning, i og med at det først og fremst er bedriftskundar det kontoret i Ålesund arbeider med. Berre ein av dei åtte tilsette i Ålesund arbeider med privatkundar, i følgje Dyb.

Jarnes Dyb seier storparten av dei tilsette i Danske Bank som arbeider med privatkundar er tilsett på banken sine kontor i Oslo og Trondheim.

I følgje Dagens Næringsliv har Danske Bank lånt ut 200 milliardar kroner til norske privatkundar. Banken har seks prosent marknadsandel i den norske privatkundemarknaden. Den kundeporteføljen kan no hamne på andre henger, og artikkelen i Dagens Næringsliv trekkje fram både Sparebanken Vest og Sparebank1 SMN som moglege kjøparar-

Danske Bank har 11 filialar i Noreg, mellom anna ein i Ålesund.

Dagens børsvinnar på Nordvestlandet er offshorreiarlaget Golden Energy Offshore Services, som steig 14,20 prosent samanlikna med kursen i går.

Selskapet melde i dag at administrerande direktør Per Ivar Fagervoll har kjøpt 1.418.576 aksjar i selskapet. Kjøpet vart gjort til kurs 0,9182 kroner per aksje.

Etter dette kjøpet eig Fagervoll 4.191.908 aksjar i Golden Energy Offshore Services. Det utgjer ein eigarandel på 7,8 prosent. I tillegg kontrollerer han også indirekte 2,02 prosent av aksjane.

Rett etter børsslutt melde Hexagon Composites at selskapet vil dele ut til aksjonærane sine inntil 25 prosent av aksjane Hexagon Composites eig i Hexagon Purus. Aksjane blir delt ut som eit utbytte til Hexagon Composites-eigarane. Framlegget skal opp i ei ekstraordinær generalforsamling og vil bety at Hexagon Composites ikkje lenger skal eige ein kontrollerande aksjepost i Hexagon Purus. I dag eig Hexagon Composites nesten 70 prosent i Hexagon Purus.

Artikkelen er oppdatert etter at Oslo Børs stengte mellom anna med børskursar for selskap på Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,14 14,20 %
Atlantic Sapphire 6,62 3,44 %
Statt Torsk 0,44 2,09 %
Havila Shipping 14,28 2,00 %
Hexagon Purus 24,60 1,65 %
Hexagon Composites 27,94 0,79 %
Havila Kystruten 3,90 0,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,20 0,00 %
Hofseth Biocare 2,95 0,00 %
Salmon Evolution 6,87 -0,43 %
Sparebanken Møre 76,26 -0,57 %
Arctic Bioscience 10,85 -1,36 %
Nortel 32,00 -1,84 %
Hav Group 9,58 -2,24 %
Endúr 40,00 -3,88 %
Norva 24* 25,85 -5,66 %
*Svenske kroner

Publisert: 07.06.2023 13:30

Sist oppdatert: 08.06.2023 16:05