Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
FRÅ NORDVESTLANDET TIL NORDLAND: Statt Torsk-sjef Gustave Bruun Lie styrer mot samanslåing med Vesterålen Havbruk. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Naudhamn i Vesterålen lokkar

Statt Torsk har blitt nesten tre gangar meir verdt sidan botnen i august.

22.11.2023

Det børsnoterte torskeoppdrettselskapet Statt Torsk på Nordvestlandet tok eit nytt steg mot å bli slukt inn i Vesterålen Havbruk i dag.

Vesterålen Havbruk offentleggjorde at det startar ei kapitalinnhenting for å styrke selskapet i samband med at Statt Torsk blir ein del av Vesterålen Havbruk. Målet er å hente inn mellom 50 og 100 millionar kroner i ny eigenkapital innan klokka 16:30 fredag 24. november.

Les børsmelding her

For den som er for liten, eller ikkje vil vere med på kapitalutviding er kjøp av aksjar i Statt Torsk ein annan veg inn på eigarsida i Vesterålen Havbruk. Når samanslåinga er gjennomført får Statt Torsk-aksjonærane aksjar i Vesterålen Havbruk i bytte.

Dagens kursauke for Statt Torsk tyder på at i alle fall nokre investorar meinte Statt Torsk-kursen var fristande. Like etter børshandelen starta i dag var kursen opp i 0,99 kroner aksjen, men fall utover dagen. Ved børsslutt er kursen 0,70 kroner aksjen. Det er opp 17,45 prosent samanlikna med fredag og er den høgaste sidan starten av mai.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet etter at børshandelen var over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,70 17,45 %
Hofseth Biocare 2,80 3,70 %
Salmon Evolution 6,25 3,14 %
Havila Kystruten 0,85 2,41 %
Norva 24 Group* 24,00 1,27 %
Arctic Bioscience 9,20 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,28 -0,16 %
Eqva 2,75 -0,36 %
Hav Group 9,02 -0,88 %
Hexagon Composites 25,82 -1,00 %
Sparebanken Møre 74,50 -1,36 %
Atlantic Sapphire 1,32 -1,93 %
Hexagon Purus 9,99 -2,44 %
Endúr 40,20 -3,37 %
Havila Shipping 6,40 -3,90 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.11.2023 16:15

Sist oppdatert: 22.11.2023 16:54