Oslo børs
FALL: Hoviudindeksen fall 0,34 prosent på Oslo Børs i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Norwegian får ja

Konkurransetilsynet snur om Widerøe-oppkjøp.

21.12.2023

– Det har vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av oppkjøpet. Vi har no konkludert med at dette oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i den norske marknaden for luftfart. Difor kan oppkjøpet no gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide i ei pressemelding.

Konkurransetilsynet varsla 17. november at det kunne kome til å seie nei til at Norwegian får kjøpe Widerøe.

Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne svekke konkurransen i marknaden i betydeleg grad. Etter partane sitt tilsvar har tilsynet gjort ytterlegare analysar og vurderingar. Tilsynet har no kome til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.

Widerøe er eigd av selskapa Flyco (66 prosent) og Fjord1 (34 prosent).

I samband med det komande salet av ferjereiarlaget Fjord1 til eit utanlandsk investeringsselskap blir Fjord 1 sine aksjar i Fjords Tours, The Fjords og Widerøe, ikkje med i salet. Dei blir i staden liggande att hos eksisterande eigarar. Før salet er eig Havila Holding sitt selskap Havilafjord omlag 50 prosent i Fjord1.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 1,83 6,52 %
Hexagon Purus 10,84 3,63 %
Golden Energy Offshore Services 1,43 3,62 %
Endúr 37,70 2,45 %
Arctic Bioscience 8,50 1,92 %
Hofseth Biocare 2,69 1,89 %
Salmon Evolution 6,62 1,85 %
Hav Group 9,90 0,00 %
Havila Kystruten 0,77 -0,26 %
Havila Shipping 5,62 -0,53 %
Hexagon Composites 26,20 -0,68 %
Sparebanken Møre 80,72 -0,90 %
Norva 24 Group* 23,90 -1,24 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,10 -1,27 %
Statt Torsk 0,79 -5,71 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.12.2023 17:45

Sist oppdatert: 21.12.2023 17:47