Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
SLAKTEAVTALE PÅ PLASS: Dagleg leiar Gustave Brun-Lie (innfelt) fortel at han er «ekstremt nøgd" med avtalen. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Statt Torsk fann slakteløysing

Oljeprisen drog ned børsen, men det mest spennande skjedde etter stengetid.

Marius Rosbach
05.07.2022

Hovudindeksen på Oslo børs enda markant ned tysdag med 2,23 prosent. Oljeprisen drog med seg fleire aksjar mot botnen med ein nedgang på meir enn fem prosent for eit fat nordsjøolje kring stengetid.

Sjå kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet under

Kort tid etter stengetid kunne Statt Torsk melde at dei har inngått ein langsiktig avtale om slakting av fisk frå anlegga deira.

Det er Western Seaproduct As på Vartdal som skal slakte oppptil 3500 tonn årleg. Selskapet er eigd av Måsøval-konsernet.

– Vi er ekstremt nøgd med å inngå denne avtalen. Denne er ein hjørnestein i målet vårt om å kontrollere heile verdikjeda av produksjonen vår, seier Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie i meldinga.

Førre partnar gjekk konkurs
Torskeoppdrettsselskapet fekk problem etter at den førre samarbeidspartnaren Per Stave As gjekk konkurs. Det førte til at dei måtte snu seg raskt rundt for å få på plass ein ny avtale.

Slaktinga av den første torsken på Vartdal er venta å skje i september.

Førre veke fekk Statt Torsk sikra finansiering for å få sett meir fisk i sjøen.

På børsen har kursen gått feil veg for selskapet med eit fall på kring 30 prosent sidan børsnoteringa i fjor vår.

Tysdag enda aksjekursen til Statt Torsk opp med 1,03 prosent og enda på 1,97 kroner.

Havila Shipping og Arctic Bioscience var dagens vinnarar av selskapa frå Nordvestlandet med oppgang på høvesvis 5,46 og 5 prosent.

Golden Energy Offshore var dagens tapar frå regionen og følgde oljeprisen nedover. Aksjekursen til Ålesund-reiarlaget fall med 6,53 prosent.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 15,84 5,46 % |
Arctic Bioscience 14,7 5,00 %
Havila Kystruten 20 4,17 %
Statt Torsk 1,97 1,03 %
Endúr 23,2 0,87 %
Hav Group 13,38 0,45 %
Nortel 19 0,00 %
Hofseth Biocare 3,7 0,00 %
Norva24 Group * 34,99 -1,87 %
Hexagon Composites 26,54 -2,21 %
Salmon Evolution 8,33 -3,03 %
Atlantic Sapphire 19,71 -3,10 %
Havyard Group 3,455 -3,49 %
Sparebanken Møre 74,05 -3,76 %
Hexagon Purus 24,22 -4,65 %
Golden Energy Offshore Services 1,79 -6,53 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 05.07.2022 17:01

Sist oppdatert: 06.07.2022 10:19

Mer om