Banken tek over fiskeindustribedrift
Sparebanken Vest og Innovasjon Norge forhandlar med interessentar etter konkurs.
Styret i fiskeindustribedrifta Per Stave As på Stadlandet melde oppbod i starten av juni.
Dei største kreditorane er Sparebanken Vest og Innovasjon Norge, med krav på nær 21 millionar kroner.
Det er langt over verdien av eigendelane krava er pantsett for, og bustyrar Endre Rutledal har difor abandonert eigendelane.
Banken tek over
Det betyr at buet overlet bygg og utstyr til Sparebank Vest og Innovasjon Norge.
Dei får dermed også jobben med å finne eventuelle interessentar som vil kjøpe anlegg og utstyr, og starte på nytt.
Rutledal seier det er forhandlingar mellom banken og interessentar.
Samla krav etter konkursen er 26,1 millionar kroner og usikra kreditorar kan ikkje rekne med å få att noko, ifølgje den mellombelse buinnberetninga som blei klar onsdag.
Slakta torsk
Per Stave As har slite økonomisk under pandemien. I følgje den mellombelse buinnberetninga såg styret ikkje anna utveg enn å melde oppbod då eit refinansieringforsøk mislukkast og banken sa opp kassakreditten.
Fiskeindustribedrifta har vore spesialist på lutefisk og skulle også vere slakteri for torskeoppdrettselskapet Statt Torsk, som no jaktar ei ny løysing for å få fisken sin slakta.
Publisert: 29.06.2022 15:03
Sist oppdatert: 01.07.2022 09:39