Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
HENTAR PENGAR: Dagleg leiar Gustave Brun-Lie (innfelt) deltek med friske pengar i kapitaltutvidinga i selskapet. Foto: Statt Torsk
Nytt

Henta inn 41,3 millionar kroner

Statt Torsk sikrar finansiering for å få sett meir fisk i sjøen.

29.06.2022

Oppdrettsselskapet Statt Torsk melder osnadg morgon at selskapet etter børsslutt tysdag har lukkast å hente inn 41,3 millionar kroner gjennom ein privat emisjon.

Les børsmelding her.

Pengane frå kapitalutviding skal finansiere auka produksjon, slik at ein frå andre kvartal i år kan få til heilårsproduksjon.

Kursen i kapitalutvidinga er sett til 2,00 kroner, 0,25 kroner under sluttkurs tysdag.

Ingen reperasjonsemisjon
Selskapet viser i børsmeldinga til at emisjonen vart gjort til ein kurs som utgjorde ein liten reduksjon frå gjeldande børskurs, og at ein ikkje kjem til å gjennomføre ein reperasjonsemisjon for dagens aksjonærar.

Veen-familiens TD Veen og Orinoco, som vert kontrollert av styreleiar Nicolas Brun-Lie, forhåndsteikna seg for rundt 5 millionar kroner kvar i emisjonen.

Statt Torsk hadde planlagt å slakte torsken sin hos fiskeindustribedrifta Per Stave ved Leikanger på Stadlandet. Per Stave gjekk nyleg konkurs og førebels er det ikkje avklart kvar Statt Torsk skal slakte torsken sin.

Publisert: 29.06.2022 08:43

Sist oppdatert: 29.06.2022 09:03

Mer om