Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Statt Torsk kryp oppover att

Men Golden Energy Offshore-reiarlaget blei dagens vinnar frå nordvest. Sjekk børstabellen !

Marius Rosbach
23.08.2023

Saka blir oppdatert med etter stengetid

Onsdag ettermiddag låg Statt Torsk-aksjen an til å bli børsvinnaren frå Nordvestlandet med ein oppgang på nær sju prosent. Rett før stengetid fall aksjen litt tilbake og enda på 0,43 kroner.

Oppdrettsselskapet har vore børstaparen frå regionen dei tre siste dagane.

Trass fleire dårlege nyheiter dei siste vekene, har investorane truleg håp om ei god løysing for selskapet sin dialog med Vesterålens Havbruk om å inngå ein allianse. Torsdag førre veke - dagen etter meldinga om ein intensjonsavtale med Vesterålen Havbruk, steig aksjen meir enn 100 prosent til 0,57 kroner.

Avtalen med Vesterålens Havbruk verdsett Statt Torsk til 255 millionar, langt over marknadsverdien ut frå dagens aksjekurs på 93 millionar kroner.

Dagens børsvinnar frå regionen vart i staden Golden Energy Offshore-reiarlaget - som steig til 1,18 kroner. Offshorereiarlaget ser optimistisk på framtida, etter å ha sikra seg fem nye skip i flåten. Reiarlaget starta også veke med å melde om ei forlenga kontrakt til høgare rater.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein nedgang på 0,64 prosent til 1 229,09.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,18 4,78 %
Statt Torsk kr 0,43 4,62 %
Hexagon Composites kr 33,74 1,93 %
Hexagon Purus kr 18,34 1,66 %
Havila Kystruten kr 1,25 1,63 %
Atlantic Sapphire kr 4,58 1,11 %
Endúr kr 39,50 0,77 %
Nortel kr 27,00 0,75 %
Sparebanken Møre kr 76,05 -0,20 %
Salmon Evolution kr 6,32 -0,63 %
Norva 24 Group* 22,90 kr -0,65 %
Hav Group kr 9,90 -1,00 %
Hofseth Biocare kr 3,01 -1,63 %
Arctic Bioscience kr 9,40 -3,69 %
Havila Shipping kr 10,34 -3,90 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,81 -4,42 %
* Kurs i SEK

Publisert: 23.08.2023 16:18

Sist oppdatert: 23.08.2023 17:01

Mer om