Børsdagen: Tilleggsemisjon i tynn tråd etter aksjestup
Få vil truleg la seg freiste om Kystruten-aksjen held seg på dagens sluttkurs.
Havila Kystruten-aksjen fall torsdag kraftig etter at reiarlaget henta inn 300 millionar i ei kapitalutviding til 12 kroner kursen, retta mot ei mindre gruppe investorar.
Emisjonen blei gjort etter at børsen stengte onsdag med ein aksjekurs på 17,05 kroner.
Fasit ved stengetid torsdag var eit fall for Kystruten-aksjen på heile 33,14 prosent til 11,40 kroner.
Det er under kursen i reparasjonsemisjonen selskapet vurderer å gjere, som vil vere ope for alle eksisterande investorar som ikkje var med på hovudemisjonen.
Om den nye emisjonen skal gjennomførast, kan mellom anna kome an på om børskursen held seg over emisjonskursen på 12 kroner. Med ein kurs godt nede på 11-talet vil truleg få investorar la seg freiste til å bli med.
Les også
Det viktigaste for reiarlaget var likevel at hovudemisjonen var vellukka. 25 millionar nye aksjar blir utstedt i emisjonen der hovudaksjonær Havila Holding gjekk inn med pengar for å oppretthalde sin eigarandel på 60,4 prosent.
Emisjonen skal godkjennast av ei ekstraordinær generalforsamling 29. desember.
Det var stort sett raude tal over heile linja for selskapa frå Nordvestlandet torsdag. Berre Golden Energy Offshore auka verdien medan Statt Torsk, Nortel og Endúr var uendra.
Hovudindeksen på Oslo børs enda med minus 0,3 prosent til 1196,50.
Børstabell for Nordvestlandet
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Golden Energy Offshore Services | 1,34 | 2,29 % | |
Statt Torsk | 1,7 | 0,00 % | |
Nortel | 20 | 0,00 % | |
Endúr | 33 | 0,00 % | |
Sparebanken Møre | 76,5 | -0,78 % | |
Salmon Evolution | 8,2 | -1,32 % | |
Arctic Bioscience | 12,95 | -1,52 % | |
Hav Group | 8,6 | -1,71 % | |
Norva24 Group * | 33,08 | -1,90 % | |
Hexagon Composites | 28,62 | -3,19 % | |
Atlantic Sapphire | 7,56 | -3,39 % | |
Hofseth Biocare | 2,73 | -3,53 % | |
Havila Shipping | 11,56 | -3,67 % | | |
Hexagon Purus | 22,9 | -4,58 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,745 | -6,63 % | |
Havila Kystruten | 11,4 | -33,14 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 22.12.2022 17:01
Sist oppdatert: 23.12.2022 12:00