Tilleggsemisjon i Havila Kystruten
Henta 300 millionar før midnatt i går. Opnar børsdagen med høgare kurs enn emisjonskurs.
Kaptitlautvidinga onsdag vart gjennomført til 12 kroner aksjen. Då børsen opna torsdag var aksjekursen på den første handelen 14,50 kroner, før den fall til 13,80 kroner aksjen.
Då børsen stengte onsdag ettermiddag var kursen 17,05 kroner.
Tilleggsemisjon
Kapitalutvidinga etter at børsen stengte var retta mot ei mindre grupper investorar, i tillegg til at hovudaksjonær Havila Holding gjekk inn med pengar for å oppretthalde sin eigarandel på 60,4 prosent.
25 millionar nye aksjar blir utstedt i emisjonen. No vil selskapet skrive ut ytterlegare fire millionar aksjar til same kurs investorane i går teikna seg for - 12 kroner aksjen. Denne emisjonen er opne for alle å vere med på.
Om den nye emisjonen skal gjennomførast, kan mellom anna kome an på om børskursen held seg over emisjonskursen på 12 kroner. Emisjonen skal godkjennast av ei ekstraordinær generalforsamling 29. desember.
Les også
Får inn 300 millionar kroner til 12 kroner aksjen - drøyt fem kroner under sluttkursen onsdag.
Vil ha inn mellom 250 og 300 millionar kroner innan få timar.
Får ikkje Havila Polaris klar i tide. Over ein månad forseinka.
Publisert: 22.12.2022 08:52
Sist oppdatert: 22.12.2022 11:30