Anne Cecilie Kaltenborn IKKE GJENBRUK FOTO NTB
VIL HA GRUNNSKULEREFORM: Administrerende direktør i NHO Service og Handel, Anne-Cecilie Kaltenborn, meiner ein grunnskulereform kan vere ei løysing. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Bedrifter i nordvest verst råka

– Ein tragedie for dei som kunne ha skapt fleire arbeidsplassar, seier HNO-direktør om at mangelen på arbeidskraft berre aukar.

Marius Rosbach
28.02.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): To av tre NHO-bedrifter oppgir i ei ny undersøking at dei har eit udekt kompetansebehov. Kompetanse innan handverksfag er spesielt mangelvare.

Ifølgje NHOs kompetansebarometer har mangelen på relevant utdanning aldri vore høgare – og det er kompetanse innan handverksfag som særleg utmerker seg.

Undersøkinga som har vorte gjennomført årleg sidan 2014, viser at heile 55 prosent av bedriftene oppgir at dei har behov for denne kompetansen.

Nordvestlandet mellom dei verst råka
Det udekte kompetansebehovet har dei siste åra auka. I 2019 svarte like under 50 prosent av medlemsbedriftene at dei hadde eit udekt kompetansebehov. I år er talet oppe på 57 prosent.

– Dersom vi ikkje får på plass tiltak og får tetta kompetansegapet, vil det vere ein tragedie for dei som kunne ha skapt fleire arbeidsplassar, men også dei som kunne fått dei jobbane, seier administrerande direktør i NHO Service og Handel, Anne-Cecilie Kaltenborn.

Bedrifter på Nordvestlandet og Nord-Norge har det største udekka behovet. Fleire enn 70 prosent frå Møre og Romsdal og tidlegare Nordland og Troms fylker svarer at dei har udekka behov, ifølgje rapporten (lenke til PDF).

Vil ha grunnskulereform

Direktøren i NHO Service og Handel meiner ei av løysingane på kompetanseutfordringane er ei grunnskulereform.

– Praktiske fag må givast langt meir merksemd, slik at elevar blir sikra eit tilbod som både gir læring og meistringskjensle. Mange av dei som går i 10. klasse, kjenner ikkje til alle dei jobbmoglegheitene som ligg i yrkesfag, anten det dreier seg om frisør, kokk eller snekker, seier Kaltenborn.

(©NPK)

Publisert: 28.02.2022 15:21

Sist oppdatert: 28.02.2022 15:30

Mer om