Opning for fleire elevplassar
Fylkesøkonomien er betre enn på fleire år. Det gir håp om at bransjar med stort behov for lærlingar, kan få oppfylt ønska sine.
Fleire bransjar melder om store behov for lærlingar, og ønsker at det blir oppretta fleire elevplassar i dei vidaregåande skulane.
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune fortel at det er eit møysomleg puslespel som skal leggast for at både elevar, bedrifter og det offentlege skal få ønska sine oppfylt.
– Vi har ei føring på at 90 prosent av elevane skal få oppfylt førsteønsket sitt når det gjelder utdanningsprogram. Det må vi halde oss til når vi sett opp antal klasser til hausten, fortel Brekken til NETT NO.
Meir romsleg fylkesøkonomi
Allereie i fjor haust vedtok fylkespolitikarane føringane for korleis
tilbodet skal vere dei neste to åra. I tillegg er det lagt inn til saman
30 millionar kroner ekstra til skuletilbodet på slutten av fjoråret.
At fylkeskommunen nyleg leverte sitt beste resultat på fleire år – eit driftsresultat på 395 millionar kroner – gjer at det er betre sjansar til å opprette nye elevplassar i år.
– Det gir håp om at vi betre skal greie å oppfylle ønska til næringslivet, så langt det lar seg kombinere med elevane sine ønsker, seier Brekken.
Tilfeldigheiter kan avgjere
Brekken fortel at det kan vere tilfeldigheiter som avgjer kva moglegheiter dei har å spele på.
– Jo færre ekstra klassar vi må starte opp i mars, jo større handlingsrom har vi til å opprette fleire plassar. Om vi til eksempel slepp å starte opp fleire klassar med få elevar i - som dermed blir dyrare, så kan vi bruke meir på tilboda der det er oversøking, forklarar han.
Søknadsfristen til vidaregåande skule er 1. mars og førsteinntaket skjer i starten av juli. Undervegs følgjer fylkeskommunen sine folk med på søkjarnivået og korleis det matchar med elevplassane på dei ulike linjene.
Fleire søker seg til yrkesfag
Allereie no kan utdanningsavdelinga sjå søkjarnivået for dei som har
søkt. Dei siste åra har søkinga til yrkesfag auka i Møre og Romsdal, og
ligg betydeleg over landssnittet.
I fjor søkte nær seks av ti yrkesfag i fylket og Brekke fortel at det ser ut til å auke.
– Ungdomane her i fylket verkar å trua på både næringslivet og yrkesfag,. Dei siste åra har vi hatt høge søkartall både til teknologi- og industrifag og helse- og omsorg, fortel han.
Brekken fortel at auken i søkarar til yrkesfag som har vore dei siste åra, truleg kjem til å fortsette.
– Det gjer i så fall at vi må fortsette å justere oss noko, i forhold
til den vedtekne strategien for tilbod i vidaregåande opplæring, legg
han til.
(saka held fram under)
Må vurdere behovet for fleire bransjar
NETT NO omtalde tidlegare i veka at fleire reiarlag også har store behov for å rekruttere nye sjøfolk framover grunna generasjonsskifter i både offshore- og brønnbåtflåten.
Reiarlaga Sølvtrans og Havila Kystruten er mellom dei som meiner det hastar med å opprette fleire maritime elevplassar. I fjor hadde 192 elevar dette som førsteval, og berre 132 fekk plass.
– Vi har ingen motvilje mot å auke talet på maritime elevplassar, men må sjå det opp mot behovet i andre bransjar. Samtidig skal vi sørge for at skulane er oppdatert på utstyr og teknologi, i tillegg til at dei skal ha plass, fortel kompetanse- og næringsdirektør Brekken.
Vi har ingen motvilje mot å auke talet på maritime elevplassar, men må sjå det opp mot behovet i andre bransjar
Blir oppretta betonglinje
Også bedrifter i bygg- og anlegg har behov for fleire hender.
Førre veke kunne Fredrik Klock ved opplæringskontoret Byggopp Møre & Romsdal melde at det blir oppretta ei eiga linje for betong, som etter kvart vil gi fleire lærlingar til ei etterspurt yrkesgruppe.
Klock fortalde at dei «er på god veg» til å fylle behova som er meldt inn for lærlingar. Om fleire elevar hadde desse linjene som sine førsteval, ville dei fyllt fleire plassar, påpeika han.
Mindre elevkull og færre utlendingar
Ein fersk rapport frå Menon Economics viser at både bedrifter og det
offentlege i fylket, står i fare for å mangle betydeleg arbeidskraft
framover. Behovet er størst innan teknologi- og industrifag, saman med
helse og omsorg.
På sikt meiner kompetanse- og næringsdirektør Brekken at dette er regionens store utfordring.
– Frå 2025 får vi færre elevar på årskulla. Saman med at det har vore ei endring under pandemien. Det er mykje som tydar på at færre kjem frå utlandet for å jobbe i Norge. Det kan potensielt gi eit underskot på kompetanse og arbeidskraft, fortel han.
Ein av tre misfornøyd med skulesamarbeidet
Berre kring halvparten av dei spurte bedriftene i undersøkinga, opplevde
at yrkesfagutdanninga samsvara med behovet for kompetanse. Samtidig
svara kring ein tredel at dei ikkje var nøgd med samarbeidet med
skulane.
På bakgrunn av rapporten har fylkeskommunen fått råd for korleis dei kan jobbe framover.
Menon Economics rår mellom anna til å legge meir til rette for at bedrifter kan besøke skular, og etablere fleire møteplassar for diskusjon og erfaringsutveksling mellom næringsliv og utdaningssektoren.
Publisert: 18.02.2022 11:16
Sist oppdatert: 18.02.2022 11:14