Rozan Arrat Ekornes foto Ogne
EKORNES: Rozan Arrat var mellom dei som bli intervjua i NETT NO-magasinet 2021, som hadde rekruttering som tema. Ho er ein av mange flyktningar møbelprodusenten har rekruttert dei siste åra. Foto: Ogne Øyehaug ed Ekornes
Nytt

Stor mangel på arbeidskraft – og den blir truleg større

Ny rapport viser at Møre og Romsdal har store utfordringar i åra framover.

Marius Rosbach
08.02.2022

Ein ny rapport Menon Economics har laga for Møre og Romsdal fylkeskommune, viser at både privat næringsliv og det offentleg slit med å skaffe arbeidskraft.

I rapporten er det kartlagt dagens kompetansebehov i bedrifter og kommunar i fylket og kva behov dei forventar i 2030.

Utviklinga går i feil retning og rapporten slår fast at dersom arbeidslivet ikkje lukkast med å rekruttere fleire enn i dag, så vil underskotet på arbeidskraft vere endå større om åtte år.

Bekymra for viktige næringer

72 bedrifter og 18 kommunar i fylket har gitt sine innspel. Kring 60 prosent av bedriftene og 70 prosent av kommunane opplyste at dei har hatt problem dei siste to åra med rekruttering.

Særleg gjeld det for fleire av Møre og Romsdal sine viktigaste sektorar, blant anna bygg og anlegg, maritim næring og anna industri.

Kan gå glipp av verdiskaping
Menon er bekymra for kva som vil skje med den auka aktiviteten som arbeidslivet forventar fram mot 2030, og som vil bety auka behov for nye tilsette.

– Dette indikerer at kompetansebehovet vil øke fra dagens allerede høye nivåer. I en slik situasjon vil trolig kompetanseunderskuddet være så stort at det vil bety at fylket går glipp av økonomisk aktivitet og verdiskaping, heiter det i rapporten.

Rapporten viser mellom anna følgjande:

  • Kring halvparten av bedriftene opplever i stor eller svært stor grad mangel på kompetanse
  • Over halvparten av bedriftene opplever at det er mangel på personar med relevant fagbrev
  • Kring 30 prosent av bedriftene meiner det er ein mangel på personar med høgskole/universitetsbakgrunn.
  • 20 prosent av bedriftene har eit behov for personar med fagskoleutdanning

Les rapporten her (ekstern lenke)

Publisert: 08.02.2022 12:43

Sist oppdatert: 08.02.2022 13:42

Mer om