Sverre Søraa foto ogne
TILSPISSA: Striden mellom Coast Seafood, med Sverre Søraa (biletet) i spissen, og den langvarige samarbeidspartnaren Blom Fiskeoppdrett og majoritetseigar Blom Gruppen har blitt ytterlegare tilspissa etter at Blom Gruppen har starta eit samarbeid med Firda Seafood. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ber Konkurransetilsynet granske Blom/Firda-samarbeid

Coast Seafood i Måløy tek striden med Blom Fiskeoppdrett inn for Konkurransetilsynet.

30.04.2021

Fiskeeksportselskapet Coast Seafood i Måløy og Blom Fiskeoppdrett i Øygarden i Hordaland strides om Coast Seafood har betalt underpris for fisken frå Blom Fiskeoppdrett.

Dei to selskapa har ein avtale om at Coast Seafood skal kjøpe og vidareselje fisken frå Blom Fiskeoppdrett, men i fjor slutta Blom Seafood å levere fisk til Coast Seafood. Grunnen var at Blom Fiskeoppdrett meiner Coast Seafood betalte underpris.

Coast Seafood har avvist at Blom Fiskeoppdrett er underbetalt, og krev at leveransane kjem i gang att. Striden er ikkje avgjort.

Dei to selskapa har hatt eit langvarig samarbeid, og Cost Seafood er i tillegg minoritetseigar i oppdrettsselskapet, med 34 prosent av aksjane.

Største aksjonær er Blom-familien gjennom Blom Gruppen.

Reagerer på samarbeid
I mars i år varsla Blom Gruppen og Firda Seafood eit eigarmessig og driftsmessig samarbeid. (Les meir om avtalen i Ilaks)

Det har fått Coast Seafood-sjef Sverre Søraa til å sende brev til Konkurransetilsynet.

"Coast Seafood var – og er – bekymret over det annonserte samarbeidet. Blom Fiskeoppdrett og Firda Seafood er konkurrenter..

..Samarbeid mellom konkurrenter er ikke noe å ta lett på. Det kan fort ende med brudd på konkurranseloven. Coast Seafood er bekymret for at Blom Gruppen og Firda Seafood ikke utviser den nødvendige respekt for konkurranseloven, og at brudd har skjedd eller kan skje. Coast Seafood har ikke fått informasjon som letter bekymringene – tvert om.". skrive Søraa i brevet.

Stoppe styreval
I første omgang er målet til Coast Seafood å få Konkurransetilsynet til å stoppe valet av Firda Seafood-sjef Ola Braanaas som styremedlem i Blom Fiskeoppdrett, med Mons Alfred Paulsen som personlig varamedlem.

Eit slikt val vil sleppe konkurrentar frå Firda Seafood inn i styret til konkurrenten Blom Fiskeoppdrett. Det vil gi dei tilgang til konkurransefølsom informasjon i så stor grad at dei ikkje kan fungere som styremedlemer utan at konkurranselova blir broten, argumenterer Søraas i brevet.

Den ekstraordinære generalforsamlinga skal haldast 5. mai, ifølgje brevet til Konkurransetilsynet.

Publisert: 30.04.2021 12:52

Sist oppdatert: 30.04.2021 12:52