- Ja, potensialet er stort, seier direktør Kristianne Storehaug ved Innovasjon Norge sitt Istanbul-kontor.
Saman med Sjømatrådet og den norske ambassaden i Ankara har det 2. og 3. desember vorte arrangert eit stort seminar i Istanbul om mulegheitene for norsk sjømat i Tyrkia.
.
Utfordringa er at Tyrkia er det landet i Europa som et minst fisk. I 2013 var fiskekonsumet på berre 6,3 kilo per innbyggjar. Det er 31 kilo mindre enn snittet i Norge.
- Det er meir fokus på helse og sunn mat, spesielt mellom kvinnene. Ei veksande middelklasse har også meir fokus på fisk.
Innovasjon Norge har spesielt peika ut tre attraktive segment for norsk sjømatnæring i Tyrkia. Det er high end-restaurantane i dei store byane, turisthotell og ei daglegvarebransje i endring.
Storehaug har også tru på kvitfisk.
- Ja, all sjømat er interessant.
Ho opplyser at Innovasjon i samarbeid med Sjømatrådet bistår norske bedrifter med å hente ut marknadsinformasjon og finne rette partnerar.
- Det er lett å trakke feil i Tyrkia, men vi kjenner marknaden og hjelper til, seier Storehaug.
Norsk sjømatnæringa kan også få drahjelp av den tyrkiske regjeringa. I alle fall har regjeringa ein uttala ambisjon om ein kraftig auke i tyrkisk fiskekonsum.
I 2023 fyller den tyrkiske republikken 100 år. Då er målet at kvar tyrkar skal ete 16 kilo fisk årleg. I dag er snittet på vel seks kilo, slik at oppgangen i så fall vil vere formidabel om regjeringa når sine mål.
Saman med Sjømatrådet og den norske ambassaden i Ankara har det 2. og 3. desember vorte arrangert eit stort seminar i Istanbul om mulegheitene for norsk sjømat i Tyrkia.
Lavt fiskekonsum
I tillegg til norske eksportbedrifter har også tyrkiske aktørar deltatt på seminaret..
Utfordringa er at Tyrkia er det landet i Europa som et minst fisk. I 2013 var fiskekonsumet på berre 6,3 kilo per innbyggjar. Det er 31 kilo mindre enn snittet i Norge.
Unge kvinner et meir fisk
Kristianne Storehaug meiner at dette er i ferd med å endre seg.- Det er meir fokus på helse og sunn mat, spesielt mellom kvinnene. Ei veksande middelklasse har også meir fokus på fisk.
Innovasjon Norge har spesielt peika ut tre attraktive segment for norsk sjømatnæring i Tyrkia. Det er high end-restaurantane i dei store byane, turisthotell og ei daglegvarebransje i endring.
Trur på kvitfisk
Hittil har laks vore dominerande, men det vert også eksportert stadig meir makrell.Storehaug har også tru på kvitfisk.
- Ja, all sjømat er interessant.
Ho opplyser at Innovasjon i samarbeid med Sjømatrådet bistår norske bedrifter med å hente ut marknadsinformasjon og finne rette partnerar.
- Det er lett å trakke feil i Tyrkia, men vi kjenner marknaden og hjelper til, seier Storehaug.
Høge ambisjonar
Norsk eksport av sjømat til Tyrkia var i 2013 på 45.523 tonn til ein samla verdi på vel ein halv milliard kroner. Tyrkia-eksporten utgjorde dermed under ein prosent av den samla norske sjømateksporten.Norsk sjømatnæringa kan også få drahjelp av den tyrkiske regjeringa. I alle fall har regjeringa ein uttala ambisjon om ein kraftig auke i tyrkisk fiskekonsum.
I 2023 fyller den tyrkiske republikken 100 år. Då er målet at kvar tyrkar skal ete 16 kilo fisk årleg. I dag er snittet på vel seks kilo, slik at oppgangen i så fall vil vere formidabel om regjeringa når sine mål.
Det er meir fokus på helse og sunn mat, spesielt mellom kvinnene
Publisert: 03.12.2014 12:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39