Statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) var denne veka på besøk i Ålesund der ho mellom anna var på omvising ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK).
Satsinga på nye fartøy til det norske forsvaret var mellom sakene som blei diskutert under besøket fredag.
– Eg trur ikkje vi heilt har teke innover oss rekkevidda av dette store forsvarsløftet vi no gjer, seier Gerhardsen til Nett No etterpå.
Sjøforsvaret har behov for minst fem nye fregattar og 28 sokalla standardiserte fartøy av ulik storleik. Investeringane kan gi historisk store byggeoppdrag for norske verft.
– Store moglegheiter for norsk industri
Statssekretæren vil ikkje vere konkret på tidsplanen utover at regjeringa vil ta ei avgjerd om fregattar «ganske snart», og at avgjerda om standardiserte fartøy vil kome i «nær framtid».
– Når vi skal bygge 28 standardiserte fartøy, ønsker vi at mykje av det skal skje i Norge. Samtidig har vi ambisjonar om å samarbeide med andre land, slik at det er mogleg å bruke meir utstyr på tvers av Nato-landa, fortel Gerhardsen.
Ho meiner Norge kan bidra til å lage ein plattform for standardiserte fartøy som fleire land i alliansen kan nytte seg av.
– Det vil gi store moglegheiter for norsk industri, legg ho til.

Strategiske omsyn veg tyngst i fregattval
I valet om fregattkjøp står regjeringa med fire alternativ: USA, Tyskland, Storbritannia og Frankrike.
Norske Vard har eit samarbeid med Fincantieri om å bygge den amerikanske alternativet, medan Ulstein Group har inngått partnarskap med tyske Thyssenkrupp Marine Systems.
Begge toppsjefane fortalte til Nett No denne veka at målet deira er å bygge alle fregattane i Norge. Også Umoe Mandal har eit samarbeid med den britiske leverandøren.
På spørsmål om i kva grad forsvarsdepartementet legg vekt på slike forhold ved dei ulike alternativa, svarar Gerhardsen slik:
– Valet er ei heilskapsvurdering der forsvarsstrategiske omsyn vil vege tyngst. Og uansett kva alternativ vi landar på, vil det bli moglegheiter for industrisamarbeidsavtaler, legg ho til.

Åtvaring frå maritim leverandør
Førre veke fortalde Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad i podcasten Podium at dei opplevde kommunikasjonen kring forsvarskontraktene som vanskeleg.
Han peika på at dei ved sivile oppdrag oftast jobba saman med dei som skal operere båtane, for å kome fram til det beste resultatet. I møte med forsvaret møter dei gjerne berre innkjøpsansvarlege, og ein meir byråkratisk prosess.
Til det svarar statssekretær Gerhardsen at forsvaret er i gang med ei stor omstilling, og at dei ser verdien av å samarbeide meir med sivile aktørar og ikkje minst forskingsmiljø.
– Om vi framleis skal ha eit forsvar i verdsklasse må vi samarbeide meir med miljø utanfor Forsvaret. Men det er ein ny måte å jobbe på, og vi kan ha noko å lære av andre i korleis vi samarbeider. Det er difor ei problemstilling vi må ta med oss vidare, seier statssekretæren.

Vil utdanne fleire sjøfolk i Ålesund
Fleire har peika på at det er eit stort behov for å utdanne fleire sjøfolk framover, for å fylle behova om bord på både sivile og militære fartøy.
NTNU har saman med fleire aktørar i Ålesund teke initiativ til å opprette fleire studieplassar på området.
Det er ei avgjerd som ligg hos Kunnskapsdepartementet, og ikkje Forsvarsdepartementet, påpeiker Gerhardsen.
– Men vi snakkar sjølvsagt med dei, og er opptekne av at vi skal ha eit tilstrekkeleg utdanningstilbod, seier ho.
– Imponert over kva ein har fått til i Ålesund
Under besøket i Ålesund fekk Gerhardsen både ei innføring i korleis det blir jobba på Campus Ålesund, og kva ein kan tilby.
– Det var eit veldig spennande besøk og eg blei veldig imponert over kva ein har fått til i Ålesund, seier statssekretæren om det ho fekk fortalt.
– Samarbeidet mellom aktørane gjennom heile utdanningsløpet, der ein tek i mot elevar heilt frå barneskulen og fram til fagskule og universitet, tenker eg er bra og det er interessant å sjå korleis ein har løyst det, legg ho til.
– Vi treng å utdanne fleire sjøfolk
ÅKP-sjef Kirsti Slotsvik deltok på besøket og sette pris på fleire av signala frå statssekretæren.
– Eg håpar at ho tek med seg det ho fekk fortalt heim til departementet, slik at dei skjønar at det er her ting skjer. Nordvestlandet er sjølve senteret for skipsbygging og leverandørindustri her til lands, påpeiker ho til Nett No.
Slotsvik likte godt at Gerhardsen la vekt på moglegheitene for at Norge kan vere med å utvikle ein standard som kan nyttast av fleire Nato-land.
Ho oppfatta også at statssekretæren var innforstått med at det hasta å få på plass fleire studieplassar.
– Vi treng å utdanne fleire sjøfolk. Per i dag manglar det folk både til å segle båtane, men også å bygge dei, påpeiker klyngesjefen.
Per i dag manglar det folk både til å segle båtane, men også å bygge dei
Truleg ikkje nye plassar frå hausten
ÅKP og ein rekke andre aktørar frå regionen, har teke til orde for at det blir oppretta fleire studieplassar for sjøfolk allereie frå hausten av.
NTNU har så langt ikkje fått signal om at finansieringa for dette kjem på plass. Per no verkar det difor lite truleg - om det ikkje kjem endringar i revidert statsbudsjett i midten av månaden.
Tidlegare er det opplyst at Forsvaret åleine har behov for 1300 nye sjøfolk i tidsperioden for den nye langtidsplanen fram til 2036.
I tillegg kjem rekrutteringsbehovet i den sivile flåten, der ein også står framfor eit generasjonsskifte i store delar av skipsfarten.
Publisert: 03.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 02.05.2025 20:01






