Ber om frihandel og fred og ro
MEIR FRIHANDEL: Bort med handelshindringar for norsk fiskeeksport står høgt på ønskelista til Fiskebåt, seier administrerande direktør Audun Maråk.
Nytt

Ber om frihandel og fred og ro

Bort med tollmurane,  og eit breitt politisk forlik om fiskeripolitikken. Det står øverst på ønskelista når havfiskereiarane samlar seg til årsmøte.

11.02.2015
Fiskebåt, organisasjonen for eigare av den havgåande fiskeflåten, har både statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Elisabeth Aspaker på gjestlista på årsmøtet på Hotel Bristol i Oslo, torsdag 12. og fredag 13. februar.
Tradisjonen tru har organisasjonen avklart store stridsspørsmål på førehand, og brukar mellom anna årsmøtet til å skape blest om næringa hos leiande politikarar.

Vil ha bort handelshinder

Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt seier til NETT NO at friare tilgang marknadar i utlandet er blant dei viktigaste ønskja frå organisasjonen.
Han meiner Noreg, som stor bidragsytar til EU gjennom EØS-avtalen, bør bruke forhandlingane om kor mykje Noreg skal bidra med som eit verkemiddel for å få bort toll på norsk fisk (tollen er på bearbeida fisk, men og en del råvarer, red merk).
Det er spesielt viktig i og med at konkurrentar i andre land har betre vilkår.
- Det er ikkje OK at Island har betre marknadstilgang. Og snart får Canada det og (gjennom den komande handelsavtalen mellom EU og handelssamarbeidet mellom Canada, USA og Mexico, red merk), seier Maråk.
Maråk vil og at styresmaktene prioriterer marknadstilgang for norsk fisk framfor tollvern for norske landbruksprodukt. Han vil gjerne oppretthalde norsk landbruk, men det må finnast andre måtar å ta vare på landbruket på, meiner han.

Vil ha meir tid

Regjeringa har nyleg vedtatt å heve taket for kor store fiskekvotar som kan samlast på eitt farty. Det er eit steg i retning av færre båtar i fisket.

Vedtaket er heilt i samsvar med det Fiskebåt tidlegare har gått inn for, men er likevel berre ein delsiger for Fiskebåt. Organisasjonen ville opphavleg at kvoter som blir ført over til ein annan fiskebåt, samstundes som båten kvotene kom frå blir teken ut av fiske, kan behaldast av den nye båten i uavgrensa tid.
I dag er regelen slik at dei overførte kvotene må delast på alle båtar i same fartygruppe (som for eksempel ringnotbåtar) etter 20 år. Fiskebåt vil ha bort den tidsavgrensinga, eller i det minste forlenga den. Ei forlenging vil gjere det meir lønsam å samle kvotene på færre farty.

Vil ha samlande kompromiss

Men Fiskebåt er ikkje ute etter ein stor siger i tidsavgrensingspørsmålet no, berre for å oppleve at ei ny regjering gjer om vedtaket etter eit val.
- Vi vil ha brei politisk konsensus, seier Maråk.
Han reknar ikkje med at Aspaker eller Solberg vil kome med ei avklaring om eit mogleg samlande politisk kompromiss i fiskeripolitikken på årsmøtet, men vonar den politiske prosessen endar opp med eit vedtak som kan samle eit solid politisk fleirtal på Stortinget.
Det er ikkje OK at Island har betre marknadstilgang

Publisert: 11.02.2015 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41