Tom Andre Barmen har vore eigar i og hatt styreverv i fleire varmepumpeselskap som har gått overende dei siste åra. (Sjå relaterte saker).
Tidlegare i år melde Vestenergi Distribusjon på Nordfjordeid oppbod og det vart opna konkurs 18. mars. Då hadde selskapet 19 tilsette.
- Årsaka (til konkursen, red.merk) er at vi tapte mykje pengar på konkursen i dotterselskapet Bergen Varme, sa Barmen til NETT NO etter at Vestenergi Distribusjon hadde meldt oppbod.
Ein person som er ilagt konkurskarantene kan som hovudregel ikkje stifte aksjeselskap, bli innvald som styrmedlem eller tilsett som dagleg leiar.
"Vurderingane rundt dette vil delvis skje i tilknyting til pågåande bokettersyn i regi av skatteoppkrevjaren i Eid og ein vil såleis kome attende til dette.", heiter det i den førebelse rapporten.
Seinast tidleg på hausten 2013 var selskapet illikvid (mangla kontantar å betale med), og seint på hausten var det også insuffisient (hadde høgare gjeld enn verdiar). Eit selskap som både er illikvid og insuffisent er insolvent og skal som hovudregel melde oppbod.
Trass i tidlegare konkursar i bransjen sa Barmen i mars i år at han rekna med å oppretthalde tilliten hos kundane.
- I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar, sa Barmen.
Tidlegare i år melde Vestenergi Distribusjon på Nordfjordeid oppbod og det vart opna konkurs 18. mars. Då hadde selskapet 19 tilsette.
- Årsaka (til konkursen, red.merk) er at vi tapte mykje pengar på konkursen i dotterselskapet Bergen Varme, sa Barmen til NETT NO etter at Vestenergi Distribusjon hadde meldt oppbod.
Tap i Bergen
Bergen Varme gjekk konkurs i april 2013. Thore Heggen er bustyrar også for konkursbuet i dette selskapet, og det er i samband med Bergen Varme-konkursen Heggen har innstilt på at Barmen blir ilagt konkurskarantene. Det går fram av den førebelse burapporten i Vestenergi Distribusjon. Barmen var styreleiar i Bergen Varme.Ein person som er ilagt konkurskarantene kan som hovudregel ikkje stifte aksjeselskap, bli innvald som styrmedlem eller tilsett som dagleg leiar.
Bokettersyn
Bustyraren undersøkjer ein del av disposisjonane som vart gjort i Vestenergi Distribusjon, for å klarleggje om desse er omstøytlege."Vurderingane rundt dette vil delvis skje i tilknyting til pågåande bokettersyn i regi av skatteoppkrevjaren i Eid og ein vil såleis kome attende til dette.", heiter det i den førebelse rapporten.
Burde gitt seg før
Vestenergi Distribusjon burde ha meldt oppbod tidlegare enn i mars i år, meiner bustyraren.Seinast tidleg på hausten 2013 var selskapet illikvid (mangla kontantar å betale med), og seint på hausten var det også insuffisient (hadde høgare gjeld enn verdiar). Eit selskap som både er illikvid og insuffisent er insolvent og skal som hovudregel melde oppbod.
Ny frisk
Alt før Vestenergi Distribusjon meldt oppbod hadde Barmen skipa eit nytt selskap, - Vestenergi as - som skal drive sal og montering av varmepumper.Trass i tidlegare konkursar i bransjen sa Barmen i mars i år at han rekna med å oppretthalde tilliten hos kundane.
- I varmepumpebransjen er det ganske hyppige konkursar, sa Barmen.
Publisert: 02.05.2014 06:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32