Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
OPPTUR: Havila Shipping-sjef Njål Sævik fekk ein opptur på børsen torsdag. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Dagens vinnar frå nordvest

Hexagon Purus blei straffa etter kvartalstal.

Marius Rosbach
17.07.2025

Havila Shipping-aksjen blei torsdagens vinnar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. 

Endringa skjer på lågt volum og frå eit låg nivå, men aksjen skaut opp 12 prosent i løpet av dagen til 1,49 kroner.

Hexagon Purus blei derimot straffa etter at dei leverte tal for 2. kvartal. Dei viste at inntektene går vidare ned – medan overskotet går opp. Tapa frå første halvår var oppe i over 650 millionar kroner. 

Grieg Seafood som har base i Bergen melde tidleg torsdag at det selde verksemdene sine i Canada og Finnmark for over 10 milliardar kroner. I staden vil selskapet auke merksemda om å utvikle seg i Rogaland-regionen. 

Aksjen steig 2,91 prosent i løpet av dagen og slutta på 74,15 kroner aksjen. Kursen har stige nær 20 prosent så langt i år, og selskapet har ein børsverdi på 8,3 milliardar kroner. 

Hovudindeksen på Oslo børs slutta dagen såvidt i pluss med 0,05 prosent og 1610,40 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,29 -10,60 %
Atlantic Sapphirekr                   9,40 -8,32 %
Endúrkr                91,20 2,01 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,00 0,26 %
Hav Groupkr                   7,48 3,89 %
Havila Kystrutenkr                   1,32 -2,22 %
Havila Shippingkr                   1,49 12,03 %
Hexagon Compositeskr                17,54 -1,57 %
Hexagon Puruskr                   2,30 -7,26 %
Hofseth Biocarekr                   1,98 -1,49 %
Tinde Sparebankkr              122,02 -2,38 %
Salmon Evolutionkr                   6,17 0,33 %
Sparebanken Mørekr              103,38 -4,72 %
   

Publisert: 17.07.2025 17:04

Sist oppdatert: 21.07.2025 20:56