Teknologiselskapet Trafsys har base i Bergen, men dei siste åra har dei også vekse på Sunnmøre. I desse dagar flyttar dei inn i nye lokale på king 370 kvadratmeter ved Næringsfabrikken.
Det heile starta med at det blei oppretta eit satellittkontor, etter at Stein Egil Blakstad flytta heim frå Bergen.
Dermed enda han opp med å bli Trafsys sin første tilsette i Sykkylven. I dag er dei blitt tre personar her.
Ein fjerde tilsett har også teke med seg jobben til heimtraktene, og har kontor i Volda.
– Vi flyttar ikkje jobbane frå Bergen, men selskapet er i vekst. Her er det praktisk med store areal tilgjengeleg og lasterampe rett inn. Næringsfabrikken er også fleksible og hjelper oss om vi brått får 100 pallar med utstyr på døra, fortel Blakstad til Nett No.

Spesialistar på varslingssystem
Selskapet er spesialistar på varslingssystem for trafikktryggleik, og driver allereie verksemd over store delar av landet.
Sidan 2021 har Blakstad hatt arbeidsplassen sin i Sykkylven. Etter ei periode i kontorfellesskapet i fellesarealet, har selskapet bestemt seg for å flytte inn i eigne lokale.
Her blir det både kontor og meir plasskrevjande verksemd.
– Her kan vi mellom anna teste og kvalitetssikre større leveransar, fortel Blakstad.
Det første som kjem inn dørene i lokalet, er ein leveranse til OPS Hålogalandsvegen - Nord-Norges største samferdselsprosjekt.

Vil styrke seg i regionen
Teknologiselskapet er berre eitt av kring 30 selskap som er representert i det tidlegare Hjellegjerde-fabrikken. Den tilsette i Volda jobbar også på kontor i fellesskap med andre.
– Vi ser på det som viktig å ha eit kontor å gå til, og vere ein del av eit større sosialt felleskap, seier Blakstad.
På Næringsfabrikken har dei tilgang til felleslunsj, møtelokale og sosiale treffpunkt.
Utvidinga med avdelinga på Sunnmøre har også bakgrunn i eit ønske om å styrke seg i regionen. Tidlegare har Trafys mellom anna hatt ein større leveranse til Nordøyvegen.
– Det passa bra ettersom vi då hadde etablert oss her, fortel han.

Les også
Leder folk i sikkerheit med lyd
Det har vore ulike overvakingssystem i norske tunnelar sidan 1990-talet. Dei siste åra har utviklinga skote fart ettersom teknologien har gitt nye moglegheiter.
Trafys blei starta i 1988 og har kring 40 tilsette i alt. I tillegg til Bergen og Sykkylven, har dei folk i Askim og Stockholm-regionen.
Selskapet jobbar på fleire områder og har mellom anna utvikla eit evakueringssystem for tunnelar som nyttar lyd. Det kan samanliknast med lyden av ei bjølle som skal lede folk ut i sikkerheit.
Selskapet har hatt eit partnarskap med Statens vegvesen som er støtta av Innovasjon Norge.
– Vi har levert tre slike anlegg og har sju-åtte anlegg i bestilling, fortel Blakstad.

Legg fiber i asfalten
Dei jobbar også med fiberteknologi som blir lagt ned i asfalten. Ved hjelp av avansert laser som blir skote frå eine enden til den andre, kan ein registrere kvar køyretøya er i tunnelen.
Teknologien kan vere avgjerande for å berge ut personar som har hamna i ein tunnelbrann og har vanskeleg for å orientere seg.
– Om ei ulukke er ute, skal naudetatane vere trena i å nytte systemet, og skaffe seg oversikt over kva som skjer inne i ein tunnel som kan vere fylt av røyk, seier Blakstad.
Første kommersielle avtale
Den første kommersielle avtalen på systemet kalla «Trafsense», er inngått med Statens vegvesen som skal installere det på E39 Bogstunnelen i Høyanger like nord for Sognefjorden.
Det er også mogleg å bruke fiberteknologien til fleire ting, som å sjå – og eventuelt varsle om bilar som har stansa opp, eller om ein bil køyrer feil veg på motorveg. Alle alarmer blir varsla umiddelbart til Vegtrafikksentralen.
– Du kan også overvake trafikk, feltbytte og hastigheit for køyretøya på ei strekning ved å legge ein fiber under slitelaget på asfalten, seier han.
Publisert: 12.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.04.2025 21:45






