Cemre Tyrkia
KONKURRENT: Norske verft ser på Tyrkia som sin største konkurrent. Maritim Forum vil ha finansieringsordningar som matchar dei tyrkiske. Biletet viser skipsverftet Cemre i Tyrkia. Arkivfoto: Kjetil Haanes.
Nytt

Betre vilkår for utanlandske verft

Tyrkiske og spanske skipsverft får meir drahjelp frå staten enn norske.

06.07.2021

Det er ein av konklusjonane i rapporten om norsk skipsbyggingsindustri, som Menon Economics har laga på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Det er betre eksportfinansieringsordningar i Tyrkia og den omstridde spanske "tax-lease-ordninga" Menon Economics først og fremst peikar på.

Eksportfinansiering gjer det lettare å få finansiert bygging av skip gjennom lån og/eller garantiar. "Tax-lease-ordninga" fungere slik at skipet ein periode er eigd av spanske investorar som får skattefråtak for investeringa, før den eigentlege eigaren tek over. Ordninga gjer at spanske verft kan redusere prisen på skip med 25-30 prosent, ifølgje rapporten.

Les heile rapporten her

Ventar handling
- Eg meiner at dette er ein tungtvegande analyse som viser at politikken overfor skipsverfta, spesielt overfor dei store nybyggingsverfta,, må endrast for at vi skal kunne ha mange slike verft i framtida, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest til NETT NO.

Maritimt Forum er ein interesseorganisasjon for bedrifter og organisasjonar i maritime bransjar.

På nettsida si skriv Maritim Forum at "Menon har dokumentert det mange i næringen har hevdet i lengre tid, norske myndigheter svikter norske verft, spesielt nybyggingsverftene."

Ingjerd seier han no ventar handling for å jamne ut ulikskapen i konkurransevilkår som ulike offentlege ordningar skaper, og trur norske verft i alle fall får delvis gjennomslag for omlegging av dei norske ordningane.

Les innlegget til Maritimt Forum her

Valkampmøte
Tysdag 24. august blir finansierings- og støtteordningane knytt til skipsbygging tema når Maritim Forum, Mafoss og Ulstein Næringsforum inviterer politikarar til valkampmøte i Ulsteinvik.

Ingjerd seier han håpar temaet blir ein del av valkampen.

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet har gått ut med at dei vil betre vilkåra for norsk skipsbygging.

Publisert: 06.07.2021 11:00

Sist oppdatert: 06.07.2021 10:27

Mer om